Praktiske eksamenar - privatist

Tek du eit yrkesfagleg utdanningsprogram som privatist, må du ta  tverrfagleg praktisk eller munnleg-praktisk eksamen der dei felles programfaga inngår.

Tverrfagleg  praktisk eksamen blir i dei fleste faga arrangert berre ein gong i året. Nokre fag har eksamen både vår og haust. 

Du melder deg til eksamen på privatistweb. Ta kontakt med eksamenskontoret om du ikkje finn fagkoden din på privatistweb.

Her kan du lese meir om oppmelding til privatisteksamen.

Fag med eksamen om hausten

Eksamenskontoret i Hordaland arrangerer tverrfagleg munnleg-praktisk privatisteksamen frå vg1 yrkesfag berre om hausten.

Tverrfagleg praktisk eksamen i desse faga blir arrangerte berre om hausten:

  • APO3004 apotekteknikar vg3
  • HES2004 helseservice vg2
  • HSE3004 helsesekretær vg3
  • TAN3004 tannhelsesekretær vg3

Fag med eksamen om våren

Frå dei fleste utdanningsprogramma på vg2 yrkesfag blir tverrfagleg praktisk eksamen berre arrangert om våren. 

Fag med eksamen vår og haust

I desse faga frå vg2 og vg3 yrkesfag blir eksamen arrangert både om våren og om hausten. 

  • FOT2004 fotterapi og ortopediteknikk vg2
  • FOT3004 fotterapi vg3
  • FRI2003 frisørfaget vg2
  • HUD2004 hudpleiar vg2
  • HUD3004 hudpleiar vg3

Retningslinjer for privatistar i hudpleie vg2 og vg3, fotterapi og ortopediteknikk vg2 og fotterapi vg3

Profilbilde av Kontakt eksamenskontoret
Kontakt eksamenskontoret
55 23 95 55