Tid og stad for eksamen

Her finn du informasjon om datoar og lokale for privatisteksamen.

Datoar for skriftlege eksamenar

Datoar for sentralt gitt skriftlege eksamenar (primært fag frå studiespesialisering og teori for praksiskandidatar) finn du her.

Datoar for lokalt gitt skriftlege eksamenar (primært fag frå vg1, vg2  og vg3 yrkesfag) finn du her.

Datoar for munnlege, munnleg-praktiske og praktiske eksamenar

Datoar for munnlege, munnleg-praktiske og praktiske eksamenar blir publiserte på sida di på privatistweb når dei er klare. Når datoane er klare vil du få melding på e-post og sms. Eksamenskontoret vil sørge for at desse eksamenane ikkje vil kollidere med skriftlege eksamenar.

Våreksamen varar vanlegvis frå midten av april til midten av juni. Hausteksamen varar vanlegvis frå  starten av november til midten av desember.

Eksamensstader

På privatistweb kan du velje om du vil ta eksamen i Bergen, på Voss gymnas, Stord vidaregåande, Kvam vidaregåande avdeling Norheimsund eller Odda vidaregåande. Om du skal ha munnleg, munnleg-praktisk eller praktisk eksamen, må du rekne med å komme til Bergen.

Eksamenslokale i Bergen

Det er ikkje parkeringsplassar ved eksamenslokala.

Skriftleg eksamen

Kristkirken, Kanalveien 90, bybane til Wergeland (kartlenke)

Odd Fellow-huset, Krabbedalen 66, buss nr. 40 (kartlenke)

Turnhallen, Vilhelm Bjerknes' vei 22, bybane til Sletten  eller Slettebakken (kartlenke)

Munnleg og munnleg-praktisk eksamen

Amalie Skram vidaregåande skule, Lungegårdskaien 40, rett ved bystasjonen (kartlenke)