Korleis er eksamen?
Eksamensinstruksen fortel deg korleis eksamen er organisert, korleis du skal oppføre deg og kva du skal gjere på eksamensdagen. Les instruksen nøye før du møter på eksamen.
Hugs å ta med gyldig legitimasjon med bilde kvar gong du møter på eksamen!
Last ned og les eksamensinstruksenHjelpemiddel i førebuingstida
På munnleg og munnleg-praktisk eksamen i dei fleste fag er førbuingstida 20 til 30 minutt. Du skal trekkje ei oppgåve som du skal arbeide med i førebuingstida.
I førebuingstida kan du bruke alle hjelpemiddel, også internett og kommunikasjon. Du må sjølv ha med deg hjelpemidla du ønskjer å bruke. I førebuingstida skal du vere på eit eige førebuingsrom. Det skal vere stille på førebuingsrommet.
Internett i førebuingstida
Dersom du ønskjer å bruke internett i førebuingstida, vil du få tilgang til trådlaust nettverk. For å logge deg på nettverket, må du bruke ein kode du får på sms, du må difor ha med deg mobil om du vil bruke internett i førebuingstida.
Slutt på leselister
Eksamenskontoret har avvikla ordninga med leselister frå og med hausten 2018.
Hjelpemiddel på eksamen
På munnleg og munnleg-praktisk eksamen kan du berre bruke notat frå førebuingstida. Om du har med pc på sjølve eksamen, skal skjermen vere synleg for sensor og eksaminator under heile eksamen.
Prosjektoppgåve i geofag 1 og geofag 2
I geofag 1 og geofag 2 skal du gjennomføre ei prosjektoppgåve før eksamen.
Du må ta med deg oppgåva og levere ho til eksaminator når du møter på eksamen.
Om du møter på eksamen utan prosjektoppgåve, vil du ikkje få ta eksamen.
Praktiske øvingar i naturfag, biologi, kjemi og fysikk
På munnleg-praktisk eksamen i naturfag, kjemi, fysikk og biologi skal du gjere praktiske øvingar.
Her finn du lister over øvingar som er aktuelle i kvart fag.
Naturfag
NAT1002 vg1 studieførebuande (pdf)
Biologi
Fysikk
Kjemi
Førebuingsdel i informasjonsteknologi og teknologi og forskingslære
Munnleg-praktisk eksamen i desse faga har 48-timarsførebuingsdel:
- REA3014 informasjonsteknologi 1
- REA3016 informasjonsteknologi 2
- REA3018 teknologi og forskingslære 1
- REA3020 teknologi og forskingslære 2