Kva vil du ta eksamen i?

Du kan ta eksamen i dei fleste fag frå studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram. Ein del fag har fleire eksamenar. Då treng du ikkje å ta alle eksamenane i same periode, men du må ta alle for å bestå faget.

Studiekompetanse

For å studere på universitet eller høgskule treng du studiekompetanse. Det finst fleire måtar å få studiekompetanse på.

Her kan lese om dei ulike måtane å få studiekompetanse på

Teorieksamen for praksiskandidatar

Om du ønskjer å ta fag- eller sveinebrev som praksiskandidat, må du først ta ein skriftleg teorieksamen. 

Her kan du lese meir om praksiskandidatordninga.

Framandspråk

Du kan ta privatisteksamen i 40 ulike framandspråk.

Sjå liste over språka du kan ta eksamen i.

Du må ta både munnleg og skriftleg eksamen for å få faget godkjent.

I Hordaland kan du ta munnleg eksamen i desse språka:

Albansk, amharisk, arabisk, bosnisk, dari, estisk, filipino, finsk, fransk, hindi, islandsk, italiensk, japansk, kantonesisk, kinesisk, koreansk, kurdisk, latvisk, litauisk, nederlandsk, oromo, panjabi, persisk, pashto, polsk, portugisisk, russisk, somali, spansk, tamil, teiknspråk, thai, tigrinja, tyrkisk, tysk, urdu og vietnamesisk.

Fagkode og nivå

Du kan ta framandspråk på tre ulike nivå, I, II eller III. Om du tek eksamen på eit høgare nivå, vil du få godskrive nivåa under.

Du kan ta framandspråk som fellesfag, det vil seie obligatorisk framandspråk, eller programfag. Bruk kodar som begynner med FSP om du skal ta framandspråk som fellesfag. Om framandspråket skal vere programfag, skal du bruke fagkodar som begynner med PSP.

Ta kontakt med eksamenskontoret dersom du ønskjer å ta munnleg eksamen i eit anna språk du ikkje finn på liste eller er usikker på kva fagkode du skal bruke

Studiekompetansefag

Om du er eldre enn 23 år,  kan du få studiekompetanse med dei seks studiekompetansefaga  sjølv om du ikkje har vitnemål. Dei seks studiekompetansefaga er engelsk, historie, matematikk, naturfag, norsk og samfunnsfag. 

Les meir om 23/5-regelen på sidene til Samordna opptak.

Her finn du liste over kva fagkoder du må ta eksamen i for å få godkjent studiekompetansefaga. I ein del av faga må du ta fleire eksamenar, kvar eksamen har sin fagkode.

Matematikk

Du kan fylle matematikk-kravet på tre måtar:

Yrkesfagleg løp:

  • MAT1001 (1P-Y) eller MAT1006 (1T-Y) og MAT1005 (2P-Y) eller MAT1010 (2T-Y)

Studieførebuande løp:

  • MAT1011 (1P) eller MAT1013 (1T) og MAT1015 (2P) eller MAT1017 (2T)

Studieførebuande løp med programfag i matematikk:

  • MAT1011 (1P) eller MAT1013 (1T) og REA3022 (R1) eller REA3026 (S1)

Hausten 2017 er siste gong det blir arrangert eksamen i MAT1017 (matematikk 2T) og MAT1010 (matematikk 2T-Y).

Engelsk

  • ENG1002 eller ENG1003 (skriftleg)
  • ENG1102 eller ENG1103 (munnleg)

Historie

  • HIS1003 (Du oppfyller også kravet med HIS1002)

Naturfag

  • NAT1002 eller NAT1001 og NAT1003

Norsk

  • NOR1211 eller NOR1231 (hovudmål)
  • NOR1212 eller NOR1232 (sidemål)
  • NOR1213 eller NOR1233 (munnleg)

Samfunnsfag

  •  SAF1001

 

Realfag

Matematikk

Dei fleste matematikkfaga har todelt skriftleg eksamen. Del ein er utan andre hjelpemiddel enn skrivesaker, passar, vinkelmålar og linjal. På del to kan du bruke alle hjelpemiddel og det er obligatorisk å bruke digitale verktøy.

Du kan lese meir om kva digitale verktøy du vil trengje på eksamen på nettsidene til Utdanningsdirektoratet.

I matematikk X (REA3021) er det munnleg eksamen.

Naturfag

I naturfag er det munnleg-praktisk eksamen. Det finst tre variantar av faget:

  • NAT1001 for Vg1 yrkesfag
  • NAT1002 for Vg1 studieførebuande
  • NAT1003 for Vg3 påbygg

Du har sjølv ansvar for at du vel rett fagkodar. For å få studiekompetanse må du enten ha NAT1002, eller både NAT1001 og NAT1003.

På eksamen i naturfag skal du gjere praktiske øvingar. Du finn liste over øvingane her.

Biologi, kjemi og fysikk

I biologi 1, kjemi1 og fysikk 1 er det munnleg-praktisk eksamen.

I biologi 2, kjemi 2 og fysikk 2 er det både munnleg-praktisk og skriftleg eksamen. Du må bestå begge eksamenane for at faget skal vere godkjent. Du treng ikkje å ta eksamenane i same eksamensperiode og du kan forbetre dei enkeltvis.

På munnleg-praktiske eksamenar i skal du gjere praktiske øvingar. Du finn liste over aktuelle øvingar her.

Geofag 

I geofag 1 er det munnleg praktisk eksamen.

I geofag 2 er det både munnleg-praktisk og skriftleg eksamen. Du må bestå begge eksamenane for at faget skal vere godkjent. Du treng ikkje å ta eksamenane i same eksamensperiode og du kan forbetre dei enkeltvis.

På munnleg-praktisk eksamen i geofag 1 og geofag 2 skal du ha med deg ei prosjektoppgåve på eksamen.

Informasjonsteknologi og teknologi og forskningslære

I informasjonsteknologi 1 og teknologi  og forskningslære 1 er det munnleg-praktisk eksamen

I informasjonsteknologi 2 og teknologi og forskningslære 2 er det både munnleg-praktisk og skriftleg eksamen. Du må bestå begge eksamenane for at faget skal vere godkjent. Du treng ikkje å ta eksamenane i same eksamensperiode og du kan forbetre dei enkeltvis.

Munnleg-praktisk eksamen har 48-timars førebuingsdel,. skriftleg eksamen har 24- timar førebuingsdel. 

Her kan du hente førebuingsdel til eksamenar i informasjonsteknologi og teknologi og forskningslære.

Norsk

Studieførebuande utdanningsprogram

Du må ha bestått vurdering i skriftleg hovudmål, skriftleg sidemål og munnleg for å få norskfaget godkjent. Du treng ikkje å ta eksamenane i same eksamensperiode og du kan forbetre dei enkeltvis.

Fagkodar:

  • NOR1211 eller NOR1231 hovudmål skriftleg
  • NOR1212 eller NOR1232 sidemål skriftleg
  • NOR1213 eller NOR1233 munnleg

Yrkesfaglege utdanningsprogram

Privatistar må ta to eksamenar i norsk: skriftleg og munnleg. Du må bestå begge eksamenane for at faget skal vere godkjent. Du treng ikkje å ta eksamenane i same eksamensperiode og du kan forbetre karakterane frå privatisteksamen enkeltvis.

Fagkodar:

  • NOR1206 skriftleg eksamen
  • NOR1219 munnleg eksamen

Norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg

Dersom du har eit anna morsmål enn norsk, samisk svensk eller dansk og har  budd i Noreg i mindre enn 6 år kan du første gong du tek eksamen i faget, kan du  ta eksamen etter læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid. Du må ta både munnleg og skriftleg eksamen.

Yrkesfag

  • NOR1408 skriftleg eksamen
  • NOR 1409 munnleg eksamen

Studieførebuande utdanningsprogram

  • NOR1405 eller NOR1410 skriftleg eksamen
  • NOR1406 eller NOR1410 munnleg eksamen

Det er ikkje krav om sidemål.

Les meir om læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid her.

Fritak i sidemål

Du kan sjå kva som er vilkåra for å få fritak frå vurdering i skriftleg sidemål i Forskrift til opplæringslova.

Dersom du fyller vilkåra, kan du sende søknad med dokumentasjon til eksamenskontoret i posten. Adressa er Hordaland fylkeskommune, Eksamenskontoret, Postboks 7900, 5020 Bergen

 

Engelsk, historie og kroppsøving

Engelsk fellesfag

Privatistar må ta to eksamenar i engelsk fellesfag: ein munnleg og ein skriftleg.  Du må bestå begge eksamenane for at faget skal vere godkjent. Du treng ikkje å ta eksamenane i  same eksamensperiode og du kan forbetre privatistkarakterane enkeltvis.

Fagkodar:

  • Studieførebuande: ENG1002 (skriftleg) og ENG1102 (munnleg)
  • Yrkesfagleg: ENG1003 (skriftleg) og ENG1103 (munnleg)


Skriftleg eksamen i engelsk har ein førebuingsdel.

Her finn du førebuingsdelen.

Engelsk programfag

Det er tre programfag i engelsk:

  • internasjonal engelsk
  • samfunnsfagleg engelsk
  • engelskspråkleg litteratur og kultur

Du må ha bestått vurdering i både munnleg og skriftleg for å få faget godkjent. Du treng ikkje å ta begge eksamenane i same eksamensperiode og du kan forbetre dei enkeltvis.

Historie

Det finst to variantar av historiefaget:

  • HIS1002 for studiespesialiserande/studieførebuande utdanningsprogram
  • HIS1003 for påbygg og studiekompetanse basert på fagbrev eller 23/5-regelen

Kroppsøving

I kroppsøving er det munnleg-praktisk eksamen. Eksamen foregår i ein gymsal og du må møte i gymklede.

Les meir om eksamen i kroppsøving i eksamensinstruksen.

 

Yrkesfag

Tverrfagleg praktisk eksamen

Dersom du ikkje har vore elev i programfaga på yrkesfagleg studieprogram, må du ta ein tverrfagleg praktisk  eller munnleg-praktisk eksamen.

Les meir om tverrfagleg praktisk eksamen.

Brønnteknikk

Norsk olje og gass og Norges Rederiforbund har revidert retningsline 024 som seier kva kvalifikasjonskrav som gjeld for personar som skal arbeide med bore- og brønnoperasjonar offshore og som ikkje har fagbrev i boreoperatørfaget eller brønnfaga.

I følgje denne retningslina treng ein berre skriftleg tverrfagleg eksamen i Vg2 brønnteknikk (BRT2004). Denne eksamen gir, saman med anna relevant utdanning og praksis, kompetanse til å arbeide på boredekket som boreoperatør.

Les meir om kompetansekrava her.

Dersom du er avhengig av stønad frå Lånekassen, må du ta alle fire eksamenane, BRT2001, BRT2002, BRT2003 og BRT2004

Profilbilde av Kontakt eksamenskontoret
Kontakt eksamenskontoret
55 23 95 55