Klage på privatisteksamen

Du har rett til å klage på eksamen.  Fristen for å klage er 10 dagar frå du vart kjend med eller burde gjort deg kjend med resultatet.

  • På skriftleg eksamen kan du klage på eksamensresultatet.
  • På munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen kan du ikkje klage på karakter. Du kan berre klage på formelle feil som du meiner har påverka eksamensresultatet ditt.

Klage på skriftleg eksamen

Du kan klage på karakter frå skriftleg eksamen. Klagefristen er 10 dagar. Klage på karakter frå skriftleg eksamen skal ikkje grunngjevast.

Klagesensur er ikkje ein ny sensur på fritt grunnlag. Klagenemnda skal vurdere om karakteren du har fått er rimeleg i høve til eksamensprestasjonen. At eksamenssvaret er noko strengt vurdert, er ikkje nok til å heve karakteren. Du må vere merksame på at karakteren også kan setjast ned.

Når får du svar på klagen

Du vil få svar på klagen i siste halvdel av mars. Eksamenskontoret vil sende deg eit brev med avgjerda til klagenemda. 

Du må melde deg til ny eksamen på privatistweb innan 1. februar for å ta eksamen våren 2019.

Dersom du får medhald i klagen din og ikkje lenger ønskjer å ta eksamen, vil eksamenskontoret melde deg av eksamen og refundere eksamensgebyret.

 

Klage på formelle feil munnleg, munnleg-praktisk og skriftleg eksamen

På munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen kan du ikkje klage på karakter. Du kan berre klage på formelle feil som du meiner har påverka eksamensresultatet ditt.  

Klagefristen er 10 dagar.

Klageskjema formelle feil på munnleg, munnleg-praktisk og praktisk privatisteksamen

Slik blir klagen behandla

Eksamenskontoret sender klagen din til ei klagenemnd som vurderer om karakteren som er sett er rimeleg i forhold til kompetansemåla, eller om det har skjedd formelle feil.

Du må vere merksam på at ein klage kan føre til at karakteren på skriftleg eksamen blir sett ned. Avgjerda til klagenemnda er endeleg og kan ikkje klagast på. Eksamenskontoret gir deg beskjed om klageresultatet og klagenemnda si grunngjeving.

Regelverk

Elektronisk ID

Profilbilde av Kontakt eksamenskontoret
Kontakt eksamenskontoret
55 23 95 55