Fritak frå vurdering med karakter

Dersom du er privatist og fyller vilkåra,  kan du søkje om fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål.

Fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål

For å søkje om fritak frå sidemål må du fylle eit av desse vilkåra:

  • Du har ein sjukdom, skade eller dysfunksjon som gjer at du har problem med å greie begge målformer. Du må legge ved dokumentasjon frå sakkunnig. Diagnosen din og kva vanskar du har må kome klart fram av dokumentasjonen.
  • Du har ikkje gjennomgått ungdomstrinnet i norsk grunnskule. Du må legge ved bustadsattest som viser at du ikkje har gått grunnskule i Noreg.
  • Du fylte vilkåra for fritak får opplæring eller vurdering i skriftleg  sidemål i grunnskulen, men på grunn av dokumentert saksbehandlingsfeil likevel ikkje fekk fritak. Du må legge ved dokumentasjon som viser at det har skjedd ein saksbehandlingsfeil.
  • Du har fått innvilga fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål i grunnskulen. Du må sende inn det gamle vedtaket slik at eksamenskontoret kan registrere det.

Du kan lese meir om fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål i forskrift til opplæringslova § 3.22

Kor skal du sende søknaden din

Det er  berre den skulen eller fylkeskommunen som skal skrive ut vitnemålet til deg som kan behandle ein søknad om fritak frå vurdering med karakter.

Eg har allereie eit vitnemål

  • Ta kontakt med skulen som har skrive vitnemålet ditt

Eg har ikkje vitnemål

  • Det er det fylket du sist fekk ein standpunktkarakter som skal behandle søknaden din. 
  • Eksamenskontoret i Hordaland kan berre behandle søknaden din dersom du sist fekk standpunktkarakter frå ein skule i Hordaland.
  • Ta kontakt med eksamenskontoret dersom du er usikker på kva som gjeld deg.

Her finn du kontaktinformasjon til andre fylke

Kroppsøving

Privatistar kan søkje om tilrettelegging av eksamen i kroppsøving. 

Les meir om tilrettelegging av eksamen her.

For privatistar kan fritak frå  kroppsøvingsfaget berre innvilgast dersom privatisten har dokumentasjon og grunngjeving frå sakkunnig instans om at det ikkje er mogleg å tilrettelegge den praktiske delen av eksamen og at all praktisk øving vil vere skadeleg for privatisten.

Du kan lese meir om fritak frå opplæring i kroppsøving i forskrift til opplæringslova § 1.12.

Framandspråk

Privatistar kan ikkje søkje om fritak frå framandspråk.

Her finn du informasjon om kven som kan søkje om fritak frå framandspråk.

Elektronisk ID

Profilbilde av Kontakt eksamenskontoret
Kontakt eksamenskontoret
55 23 95 55