Eg kan ikkje møte på eksamen

Om du blir sjuk på eksamensdagen eller blir hindra av andre uføresette grunnar som du ikkje sjølv rår over, vil du få rett til utsett eksamen i neste eksamensperiode.

Dokumentasjon

Du må dokumentere årsaka til at du ikkje kunne møte på eksamen. Om du var sjuk, må dokumentasjonen vere attest frå lege. 

Frist for å levere dokumentasjon er 3 dager etter at du hadde eksamen.

Dersom eksamenskontoret  godtek dokumentasjonen din, vil du få utsett eksamen i neste eksamensperiode. Eksamenskontoret kan ikkje refundere eksamensavgifta.

Eksamen i neste eksamensperiode

Dersom du har rett på utsett eksamen, må du sjølv melde deg til ny eksamen på privatistweb.no. Følg rettleiinga du har motteke frå eksamenskontoret.

Tid og stad for den utsette eksamenen finn du på sida di på privatistweb.

Vedtak om tilrettelegging av eksamen gjeld berre for ein eksamensperiode om gongen. Du må difor søkje på nytt om tilrettelegging når du har fått utsett eksamen.

Du kan lese meir om tilrettelegging på denne sida.

Elektronisk ID

Profilbilde av Kontakt eksamenskontoret
Kontakt eksamenskontoret
55 23 95 55