Bestille kompetansebevis

Dersom du skal dokumentere karakterar frå privatisteksamen, treng du eit kompetansebevis. Eksamenskontoret kan skrive ut kompetansebevis.

Kompetansebevis frå eksamen våren 2019

Alle kompetansebevis som var bestilt før 20. juni, vart sendt i posten 24. juni.

Vitnemål

Dersom du fullfører vidaregåande opplæring som privatist og fyller krava til vitnemål, kan eksamenskontoret skrive vitnemål til deg. Ta  kontakt med eksamenskontoret på e-post eller telefon dersom dette gjeld deg.

Kompetansebevis

Dersom du treng dokumentasjon på karakterar frå privatisteksamenar du har tatt tidlegare, kan du kontakte eksamenskontoret på e-post eller telefon. 

Duplikat

Dersom du allereie har fått eit kompetansebevis og treng eit nytt, kan eksamenskontoret skrive ut eit duplikat. Eit duplikat kostar 250 koner.

I periodar med stor pågang må du rekne med at det kan ta litt tid før du får kompetansebeviset ditt.

Når treng du ikkje kompetansebevis?

  • Offentlege skular i Hordaland har tilgang til resultat frå privatisteksamen. Dersom du har vitnemål frå ein offentleg skule i Hordaland og vil føre karakterane frå privatisteksamen på vitnemålet ditt, kan du kontakte skulen direkte.

Her finn du kontaktinformasjon til vidaregåande skular i Hordaland

  • Dersom du ikkje har vitnemål frå før og fullfører vidaregåande som privatist, har du krav på vitnemål. Eksamenskontoret skal skrive ut vitnemålet ditt. Du må sende e-post til eksamenskontoret for for å bestille vitnemål.

Her finn du kontaktinformasjon til eksamenskontoret.

  • Fagopplæringskontoret  i Hordaland har tilgang til resultat frå privatisteksamen. Det er ikkje nødvendig å legge ved kompetansebevis når du melder deg til fagprøva

Her finn du informasjon om korleis du melder deg til fagprøve

  • Dersom du planlegg å ta fleire eksamenar seinare, kan du vente med å bestille kompetansebevis til du har fullført alle eksamenar du har planlagt.

Når treng du kompetansebevis?

  • Dersom du har vitnemål frå ein friskule eller ein skule i eit anna fylke enn Hordaland og vil føre karakterane frå privatisteksamen på vitnemålet ditt, må bestille kompetansebevis.
  • Dersom du skal ettersende karakterar som ikkje skal stå på vitnemålet ditt til Samordna opptak, må du bestille kompetansebevis.

Les meir nye fag og forbetringar på sidene til Samordna opptak.

Profilbilde av Kontakt eksamenskontoret
Kontakt eksamenskontoret
55 23 95 55