Fyll ut samtykkeskjema
Alle som er i kontakt med PPT må fylle ut samtykkeskjema i tillegg til tilvisningsskjema.
SamtykkeskjemaHar du vanskar som går ut over læringa di?
Du som er elev eller lærling kan blant anna få hjelp til å kartlegge lese- og skrivevanskar, matematikkvanskar, konsentrasjonsvanskar og evnenivå.
Tilrettelegging av opplæringa
PPT gir òg råd til skulen om korleis opplæringa kan leggast opp, slik at du som er elev/lærling får tilfredsstillande utbytte av opplæringa trass vanskane dine. PPT kan òg gi råd om kva du sjølv kan gjere.
Viktige områder er tilrettelegging på prøvar og eksamenar, og hjelpemiddel i den daglege undervisninga.
Ved behov for spesialundervisning, skal PPT utarbeide sakkunnig vurdering der lova krev det.
Skjema
- Er du elev eller lærling og ønsker kontakt med PPT, fyll ut skjemaet "Tilvisning individsak"
- Er du tilsett ved skule, lærebedrift eller opplæringskontor og ønsker kontakt med PPT i saker som gjeld kompetanseheving og organisasjonsutvikling, fyll ut skjemaet "tilvisning systemsaker"
Informasjon til skulen
Kartlegging av lese- og skrivevansker?
- Før tilvising må skulen:
- Drøfte saka i skulen sitt ressursteam.
- Skulen skal ha samtale med eleven.
- Skulen skal ha gjennomgått kartleggingar i samsvar med opplæringslova § 5.4.
- Ved tilvising skal følgjande dokument sendast til OT/PPT
- Kartlegging som er gjort på skulen.
- Kopi av logopedrapport etc. dersom eleven har vore kartlagt tidlegare.
- Kopi av samanhengande tekst på norsk og engelsk (stil eller liknande) som eleven har skrive (handskrive, retta av faglærar).
- Kort uttale frå norsklærar om korleis vanskane viser seg i undervisningssituasjonen og eleven sine sterke sider.
- Informasjon om kva tiltak skulen har prøvd ut.
- Dersom eleven er minoritetsspråkleg treng vi også informasjon om eleven sine norsk-kunnskapar, kor lenge eleven har vore i Noreg, og kva språkbakgrunn eleven har.
Kartlegging av matematikkvanskar?
- Før tilvising skal skulen ha gjort:
- Saka skal ha vore tatt opp i skulen sitt ressursteam.
- Skulen skal ha hatt samtale med eleven.
- Skulen skal ha gjennomført kartleggingar i samsvar med Opplæringslova § 5.4
- Ved tilvising skal følgjande dokument sendast til OT/PPT:
- Resultat frå kartleggingar skulen har gjort.
- Vurdering frå matematikklærer.
- Relevante opplysningar frå startsamtalen.
Kartlegging av psykososiale vansker som har innverknad på eleven sin læring?
Merk at OT/PPT ikkje set diagnose, driv behandling eller har langvarig oppfølging av eleven i forhold til vanskane.
- Før tilvising
- Saka skal ha vore oppe i skulen sitt ressursteam.
- Skulane må ha hatt samtale med eleven for å undersøke om han/ho har kontakt med hjelpeapparatet som fastlege, BUP/VOP/DPS, psykolog, helsesøster eller andre i hjelpeapparatet.
- Ved tilvising må skulen legge ved samtykke frå eleven og eventuelle andre dokument som er relevante for å belyse saka.
Fleirspråklege elevar
- Før tilvising må skulen
- Ha samtale med eleven.
- Ha gjennomført aktuell kartlegging.
- Norsk språklege ferdigheiter, er norskspråklege ferdigheiter vurdert?
- For nytilkomne: har ein kartlagt kva kunnskapar eleven har med seg frå før?
- Uttalar frå faglærarar i aktuelle fag og vurdering av om eleven har forsvarleg utbyte av den ordinære undervisninga i dei ulike faga.
- Drøfte saka i skulen sitt ressursteam.
- Ved tilvising skal følgjande dokument sendast til OT/PPT
- Kartlegging som er gjort på skulen (sjå ovanfor).
- Oppsummering av relevant informasjon frå startsamtalen.
- Kopi av rapportar dersom eleven har vore kartlagt tidlegare.
- Informasjon om kva tiltak skulen har prøvd ut og korleis desse har verka.
- Informasjon om kor lenge eleven har vore i Noreg, og kva språkbakgrunn eleven har.