Er du utan skuleplass?

OT - Oppfølgingstenesta har ulike tilbod for deg som er i alderen 16-21 år og ikkje har brukt opp retten til vidaregåande opplæring.

Vi kan mellom anna hjelpe deg med:

  • Utdannings- og yrkesrettleiing
  • Søkje vidaregåande opplæring
  • Utprøving i arbeidslivet i samarbeid med NAV
  • EVS/europeiske voluntør utveksling (delta i frivillig solidaritetsarbeid i utlandet, ca. 2 måneders varighet)
  • Søke sommarskule for deg som treng å bestå fag i vidaregåande skule
  • Veiledning i forhold til privatisteksamen

OT tilbyr også alternative opplæringstilbod

Korte kompetansegjevande kurs

Du kan få tilbod om korte kompetansegjevande kurs. Dette kan for eksempel vere truckførarkurs, traktorkurs eller andre kurs.

Studieverkstad

Du kan få tilbod om å delta på ein studieverkstad kor du får tilpassa opplæring. Dette er eit tiltak i fellesfaga (Yrkesfaglege programområde) - matematikk, norsk, engelsk, samfunnsfag, naturfag og kroppsøving.

Hyssingen Produksjonsskule

Hyssingen har kulturverkstad, bygg- og anleggsverkstad og restaurant- og matfag. Dette er eit tilbod til dei som treng å finne retning og utnytte sitt eige potensial. Søknad til produksjonsskulen går gjennom OT/PPT.
Sjå nettsida til Hyssingen produksjonsskule

Hardanger Produksjonsskule

Hardanger har natur og miljø, mat og grønt, mekanisk verkstad, digital verkstad og kreativ verkstad. Dette er eit tilbod til dei som treng å finne retning og utnytte sitt eige potensial. Søknad til produksjonsskulen går gjennom OT/PPT.

Utprøving og praksisplass

Gjennom OT kan du også få hjelp til utprøving i arbeidslivet eller praksisplass i samarbeid med NAV.

#Gameplan

#Gameplan er eit gruppetiltak for ungdomar som ikkje er motiverte for å gå på skule eller vere i arbeid. Alle ungdomar lagar sin eigen #gameplan (aktivitetsplan) som er retningsgivande på vegen vidare mot utdanning og arbeid. Målet er at dei gjennom 8 samlingar er betre i stand til å ta val som kan hjelpe dei på vegen mot utdanning og arbeid.

NAV-samarbeid

Gjennom OT kan du også få hjelp til utprøving i arbeidslivet eller arbeidstrening i samarbeid med NAV.

Sjå samarbeidsavtalen mellom OT/PPT og NAV