OT/PPT

Her er oversikt over kontorstader i Hordaland. Ta kontakt med ditt næraste OT/PPT-kontor.

Kontakt ditt OT/PPT-kontor

OT/PPT er eit team av rådgjevarar, spesialpedagogar og psykologar. Vi har teieplikt. Bruk av våre tenester er frivillig og gratis.

Dette er OT

Oppfølgingstenesta (OT) arbeider for at ungdom skal få tilbod om opplæring, arbeid eller anna sysselsetting. Vi gir derfor utdannings- og yrkesrettleiing.

For å har rett til våre tenester, må du ha rett til vidaregåande opplæring og vere mellom 16 og 21 år. I tillegg må eit av desse punkta passe for deg inneverande skuleår:

  • Du har takka nei til offentleg skuletilbod
  • Du tar ut eit venteår eller eit friår
  • Du har ikkje søkt om skuleplass eller i eit læreforhold

Dersom du er i ein slik situasjon, vil vi gjerne at du tar kontakt.

Dette er PPT

Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) samarbeider med skulane og lærebedrifter for å førebyggje fråfall. Dei hjelper og til slik at elevar og lærlingar best mogleg gjennomfører vidaregåande opplæring.

Tenesta skal hjelpe skulen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov. Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal sørgje for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det. 

Tenestene våre

Fylkeskommunen har opplæringsansvar for grunnskuleelevar som bur i sosiale og medisinske institusjonar.

For elever i barneverninstitusjon

Eit godt eksempel

- #gameplan blei ein vekkjar for meg

Banele Mgwaba var skulelei og droppa ut av vidaregåande skule hausten 2014. Han fekk tilbod om å delta på #gameplan, eit tiltak i regi av OT. I #gameplan møtes ungdommar som ikkje er motivert for å gå på skule eller vere i arbeid. Målet er å gjere ungdommane betre i stand til å ta val som kan hjelpe dei på vegen mot utdanning og arbeid.

Dette gav han ny motivasjon. Etter #gameplan fekk Banele plass på Hyssingen produksjonsskule. Der fekk han jobbe med filmredigering som er noko han brenn for. Målet hans er no å få skuleplass på NOROFF der han kan vidareutvikle sine interesser.

- Gjennom #gameplan fann eg ut kva eg liker å gjere. Eg lærte kor viktig det er å møte opp og at ein må gi beskjed dersom ein ikkje kan komme. #gameplan er ein god start om ein ikkje veit kva ein vil, seier Banele.