Prøvenemnda

Som medlem i prøvenemnda har du ansvar for å planlegge og gjennomføre fag- og sveineprøvar. Dette inneber mellom anna godkjenning av prøvestader og vurdering av kandidatane som skal opp til  avsluttande prøvar.

Kven sit i prøvenemnda?

Fylkeskommunen hentar inn forslag til medlemmar frå partane i arbeidslivet. Medlemmane bør som minimum ha formell fagutdanning.

Kurs for medlemmar i prøvenemnda

Godtgjersle og løn

Reiserekningar blir ikkje behandla før fagopplæringskontoret har mottatt prøveprotokoll og gyldig dokumentasjon. Du må sende inn bilag på alle utlegg med raud tekst.

Brukermanual for utfylling av reiserekning i AD-travel

Godtgjersla for prøvenemnda skal dekke:

  • Informasjon til prøvekandidat og lærebedrift
  • Inspeksjon av prøvestad
  • Utarbeiding av oppgåver og vurderingskriterium for prøva
  • Føring av prøveprotokoll/tilleggsprotokoll jf. Forskrift til opplæringslova §3-57 
  • Samordning og innsending av protokoll og reiserekning til fylkeskommunen

Gjeldande satsar for godtgjersle for prøvenemndsdeltaking er:

  • Leiar av prøvenemnda kr 2000 per kandidat.
  • Medlem av prøvenemda kr 1500 per kandidat
  • Koordinator i prøvenemnda kr 100 per kandidat

For utfyllande informasjon om gjeldande satsar, sjå «Reglement for godtgjersle av prøvenemndsmedlemmer i Hordaland fylkeskommune»

Skjema for godtgjersler og løn

Rutinar ved innsending av faktura

Faktura som gjeld arbeid i prøvenemnda skal merkast med:

  • ressursnummer 26758
  • organisasjonsnummer 938626367
  • e-fakturaadresse 9908:938626367

 Ved tapt arbeidsforteneste kan det rettast krav for:

Sjølvkost løn samt sosiale kostnadar, inkludert feriepengar og arbeidsgivaravgift. Hordaland fylkeskommune krev stadfesting frå revisor eller rekneskapsførar (i offentlege verksemder frå lønsavdeling) som eit vedlegg til fakturaen.
Det kan ikkje rettast krav med moms fordi løn ikkje er momspliktig

Faktura skal innehalde følgjande opplysningar

  • Organisasjonsnummer
  • Bankkontonummer
  • Ressursnummer
  • Kven det sendast krav for (namn på leiar/medlem i nemnda)
  • Namn og fødselsdato på kandidat
  • Dato for oppdrag i prøvenemnda

Faktura skal sendast som e-faktura og ikkje direkte til fagopplæringskontoret eller til enkeltpersonar. Opplysningar som er knytte til oppdrag i prøvenemnda skal ikkje sendast i eiga sending, men som vedlegg til faktura.

Utgiftar som ikkje er tapt arbeidsforteneste, for eksempel km, bompengar, parkering, honorar og liknande, skal medlemmen av prøvenemnda registrere i elektronisk reiserekning.

30 dagars forfall

Faktura må sendast umiddelbart og seinast innan utløpet av kalenderåret. Faktura blir ikkje behandla før fagopplæringskontoret har motteke protokoll i retur frå prøvenemnda. Hordaland fylkeskommune har 30 dagars forfall på faktura.

Enkeltpersonføretak skal sende krav om tapt arbeidsforteneste i reiserekningssystemet.

Her finn du meir informasjon om rutinar for innsending av faktura i Hordaland fylkeskommune.

Skjema og dokument

Profilbilde av Kontakt fagopplæringskontoret
Kontakt fagopplæringskontoret
55 23 99 00