Oppmelding til fagprøve

Er du lærling i ei bedrift er det lærebedrifta di som har ansvar for å melde deg opp til fagprøve. Praksiskandidatar skal melde seg opp sjølve.

For å bli godkjend praksiskandidat må du:

  • dokumentere om lag 5 år med allsidig erfaring frå yrket
  • dokumentere bestått teorieksamen i lærefaget (Vg3-nivå)

Les meir om praksiskandidatordninga

Nokre fag har lengre praksiskrav enn 5 år og har krav om 2 eksamenar. Dette gjeld særleg innan elektrofag.

Sjå Utdanningsdirektoratet for meir informasjon

Du skal melde deg opp til fagprøven i det fylket der du har di folkeregistrerte adresse. Om bedrifta du arbeider i ligg i Hordaland, men du bur eit anna fylke, skal du melde deg opp i fylket der du bur.

Betaling for oppmelding til fagprøve

  • Det kostar 925 kr å melde seg til fagprøve, dette dekker saksbehandling og bruk av sensor/prøvenemnd.
  • Om du ikkje består fagprøva og må melde deg opp på nytt, er avgifta 1853 kr.
  • Som praksiskandidat må du sjølv dekke eventuelle kostnader ved ein fag- eller sveineprøve.

Faktura for oppmelding

Faktura for andregongs oppmelding

Dette må du legge ved oppmeldinga for praksiskandidatar

Dokumentasjon på bestått teori

Kompetansebevis med resultat frå teorieksamen i lærefaget.

Her melder du deg opp  dersom du manglar teorieksamen i lærefaget

Dokumentasjon på praksis

Attestar som viser kor lang praksis du har og at kunnskap og praksis er i samsvar med kompetansemåla som står i læreplanen. Hugs start- og sluttdato, stillingsprosent eller timetal.

Finn aktuell læreplan med kompetansemål hos Utdanningsdirektoratet

Forslag til arbeidsattest

Dokumentasjonskrav ved oppmelding til fag- eller sveineprøve

Rekneark for hjelp til å rekne ut praksistid

Dokumentasjon på betalt prøveavgift

Kopi av betalt faktura eller kvittering frå nettbank som du legg ved oppmeldinga.

Søknad om tilrettelegging

Dersom du har behov for det må du legge ved søknad om tilrettelegging og sakkunnig uttale av nyare dato. 

Kopi av gyldig førarkort i yrkessjåførfaget

Kandidatar som skal melde seg opp til fagprøve i yrkessjåførfaget må legge ved kopi av framside og bakside av gyldig førarkort.

Tilrettelegging under fagprøver

Har du behov for særleg tilrettelegging må du legge ved søknad og sakkunnig uttale av nyare dato. 

Les meir i Forskrift til opplæringslova § 3-64

Søknad om særskild tilrettelegging av fagprøve

Oppmelding for utanlandske statsborgarar

Utanlandske statsborgarar utan folkeregistrert adresse i Norge kan òg melde seg opp som praksiskandidatar.

Dei må då vere tilsette i ei bedrift som ligg i Hordaland.

Bedrifta må stille med ein skriftleg garanti på 12 000 kroner. Dette skal dekke Hordaland fylkeskommune sine kostnader i samband med fagprøva.

Kandidaten må oppfylle alle krava til norsk teorieksamen og praksis etter opplæringslova. Kravet om garanti gjeld ikkje for utanlandske statsborgarar med folkeregistrert adresse i Hordaland. For dei gjeld dei vanlege reglane for praksiskandidatar.

Vurderingskriterier ved fagprøve

Bergen
Profilbilde av Kontakt fagopplæringskontoret
Kontakt fagopplæringskontoret
55 23 99 00