Lærebedrift i Hordaland

Som lærebedrift er du med på å sikre rekrutteringa av fagarbeidarar i fylket. Det er i dag meir enn 1760 lærebedrifter i Hordaland – og det blir stadig fleire. Her finn du aktuelle tenester og informasjon.

Lærebedrifter, opplæringskontora og fagopplæringskontoret har kvar sine funksjonar samtidig som dei utfyller kvarandre.

  • Lærebedriftene er ansvarlege for opplæringa i læretida.
  • Opplæringskontora er lærebedrifter som organiserer seg med utgangspunkt i faga dei kan tilby. Opplæringskontora tar seg av rekruttering og oppfølging av lærlingane hos sine medlemsbedrifter.
  • Fagopplæringskontoret er ein del av fylkesadministrasjonen og administrerer lærlingeordninga på vegne av fylket.

Lærebedrifter i Hordaland

Du finn oversikt over opplæringskontor og godkjente lærebedrifter på vilbli.no.

Rettleiing til Vigo bedrift

På Vigo bedrift kan du som lærebedrift få oversikt over lærlingar, faglege leiarar og oppdaterte satsar for lærlingtilskot.

Rettleiing til bruk av Vigo bedrift

Kurs for fagleg leiar og instruktør

Fagopplæringskontoret arrangerer kurs for dei faglege leiarane i lærebedriftene. Kursa er obligatoriske. Instruktørar, leiarar i lærebedrifter og lærarar i yrkesfag er også velkomne til å melde seg på kursa. Målet med kurset er at å gjere dei fagansvarlege i lærebedriftene tryggare i rolla som rettleiarar for lærlingar og lærekandidatar. Kurset blir gjennomført på ein dag og blir arrangert på ulike stader i heile fylket.

Finn ein kursdato og meld deg på

Tilskot til lærebedrifter

Lærebedrifta får tilskot frå fylkeskommunen som skal dekke utgifter til opplæring av lærlingen.

  • Tilskot for å ta inn lærling med ungdomsrett er på kr 6 377 pr. månad, gjeldande frå 01.01.18.
  • Tilskot for å ta inn lærling utan ungdomsrett er på kr 4 984 pr. månad, gjeldande frå 01.01.18.

Utfyllande informasjon om satsane (Utdanningsdirektoratet)

I tillegg til Utdanningsdirektoratets faste satsar har Hordaland fylkeskommune vedtatt å vidareføre basistilskot 2 for avviksfaga i 2018. 

Ekstra tilskot du kan søke om

Ta kontakt med fagopplæringskontoret for meir informasjon om korleis du kan søke desse tilskota:

    • 107 442 kr ekstra tilskot kvart år for lærlingar og lærekandidatar med særskilte behov.
      • Tilskotet tildelast av utdanningsdirektoratet
      • Tilskotet som blir tildelt kan verta mindre en det som er søkt om viss det er mange søkjarar
      • Fylkeskommunen vidareformidlar søknadar på vegne av lærebedrifta
      • Kan søkjast frå og med midten av februar 2018. Frist å søkja via fylkeskommunen er 1. september.

Informasjon om vilkåra på Utdanningsdirektoratet sine nettsider

Skjema for lærebedrifter

Hospitering i skulen

Ønsker du ei oppfrisking av korleis elevane jobbar i skulen? Kunne du tenke deg å knytte kontakt med lærarar og dele kunnskap og kompetanse? Då kan hospitering vere det du treng. Vi tilbyr gratis hospitering i skulen for instruktørar og faglege leiarar.

Kva er hospitering

Opplæringa av fagarbeidarar gjennom lærlingordninga skjer dels i skule og dels i lærebedrifta. Samarbeidet mellom skulen og arbeidslivet er difor avgjerande når ein skal utdanne gode fagarbeidarar. Hospiteringa skal gå over fem dagar samanhengande eller som fem einskilde dagar gjennom skuleåret.

Mål for hospitering:

  • auke kompetansen din i rolla som rettleiar
  • styrke samarbeid skule- arbeidsliv
  • sjå opplæringa i eit 4. årig løp

Stønad til hospitering

Bedrifter kan søkje om å få dekke tapt arbeidsforteneste, til dømes med kr. 15.000 for hospitering i fem dagar.

Slik søker du

Du kan sjølv kontakte skulen der du ønsker å hospitere. Opplæringskontora kan òg vere gode samarbeidspartnarar. Det er leiaren på arbeidsplassen som sender søknad til Hordaland fylkeskommune. Kontakt leiaren din om du ønsker å hospitere. Arbeidsgjevar kan søke om midlar til å dekke kostnadane når arbeidstakar hospiterer i skule.

Meir informasjon om hospiteringsordninga

 

Finn vidaregåande skule

Teikning av kontrakt

Når du har blitt godkjent lærebedrift og har funne ein du vil teikne lærekontrakt med, er det nokre viktige ting du må hugse på.

  • Ta kontakt med fagopplæringskontoret så snart som mogeleg for å avklare kva rett kandidaten har og om all teori er på plass

  • Fagopplæringskontoret oppretter kontrakt

  • Alle signerte lære- og opplæringskontraktar skal sendast til fagopplæringskontoret innan 2 – to månader etter oppstart av læretid

  • For kontraktar som ikkje er mottatt innan fristen, vil startdato for læretida bli sett til den dato vi mottar lærekontrakten, og ikkje den dato læreforholdet opphavleg starta.

  • Det vil likevel bli gitt frådrag i læretida som yrkespraksis frå startdato til den dato lærekontrakten er mottatt hjå oss, men det vil ikkje bli gitt tilskot for denne tida