Fleire vegar til fagbrev

Det finst fleire alternative utdanningsløp som leier til yrkeskompetanse.

Skule og læretid (2+2) - hovudmodellen

Den vanlegaste vegen til fagbrev er å gå 2-3 år på vidaregåande skule og deretter 2-3 år i lære før du går opp til ein fagprøve.

Full opplæring i bedrift

Du kan ta full opplæring i bedrift. Opplæringstida blir då 4 år i dei fleste fag og du må sjølv finne ei godkjend lærebedrift som vil ta ansvar for opplæringa. I denne ordninga må du ta fellesfag og programfag på skulen undervegs i læretida.

TAF (Teknisk allmennfagleg utdanning)

TAF-modellen  fører deg i løpet av 4 år fram til både studiekompetanse og fagbrev. Under utdanninga kombinerer du arbeid i bedrift med å gå på skule. Dei første to åra har du status som elev, dei to siste er du lærling med lærekontrakt.

Les meir om ordninga på taf.no

Fagbrev som vaksen - praksiskandidat

Du kan avlegge fag- og sveineprøve på bakgrunn av lang og allsidig praksis i eit yrke. Du må då dokumentere minimum 25% lengre arbeidserfaring enn læretida i faga. Dette svarar til fem år i fag med fire års opplæring. Arbeidserfaringa må, i tillegg til å vere lang nok, dekke hovudområda i læreplanen for faget. Alle praksiskandidatar må òg ha bestått teorieksamen i lærefaget før dei kan gå opp til fagprøve. Nokre fag har to slike eksamenar.

Les meir om praksiskandidatordninga

Vekslingsmodellen

Vekslingsmodellen er ei forsøksordning i Hordaland kor du har vekselvise periodar i skule og lærebedrift gjennom fire år. Du får lærekontrakt allereie etter 6 månader og er garantert læreplass. Modellen er berre tilgjengeleg i tømrarfaget, frisørfaget og helsefagarbeidar/ barne- og ungdomsarbeidarfaget. 

Slik søker du

Det er førebels ikkje mogleg å søke på Vekslingsmodellen i Vigo. Alle som søker vanleg vg1 Bygg- og anleggsteknikk, Helse- og oppvekstfag, og Design og handverk i fylket får invitasjon om å søke på ordninga. Dette gjeld uansett kva skule du har søkt til. Dei aktuelle søkarane blir kalla inn til intervju.

Dei som får tilbod om plass får begynne i eigne vekslingsmodellklassar på Slåtthaug videregående skole (Tømrarfaget), Olsvikåsen videregående soule (Helsefagarbeidar og barne- og ungdomsarbeidar) eller Årstad videregående skole (Frisørfaget). Vekslingsmodellen er kjend for godt klassemiljø og motiverte elevar.

Lærekandidat

Som lærekandidat får du opplæring i utvalde delar av læreplanen. Saman med bedrifta inngår du ein opplæringskontrakt. Dersom du får utplassering i ei bedrift mens du går i skule, er det større sjanse for at du får ein opplæringskontrakt. Det er ikkje eit krav at lærekandidatane består fellesfaga eller programfaga.

Kompetanseprøve

Utdanninga blir avslutta med ein mindre omfattande prøve enn fag- og sveineprøven. Denne blir kalla kompetanseprøve. Kandidatane får ikkje fag- eller sveinebrev etter fullført utdanning, men kompetansebevis. Dette gir grunnlag for varig arbeid og kan også være eit godt utgangspunkt for seinare å ta fag- eller sveinebrev som praksiskandidat.

Profilbilde av Kontakt fagopplæringskontoret
Kontakt fagopplæringskontoret
55 23 99 00