Fagbrev på jobb

Er du i jobb, men manglar fagbrev? Her finn du informasjon om krav til deg som kandidat og til bedrifta, kor lang læretida er, kva teori du må bestå og korleis du og bedrifta går fram for å teikne kontrakt.

Målgruppa er vaksne i arbeidslivet som har fullført grunnskulen eller tilsvarande opplæring. Den som er under opplæring får full løn i læretida. Det er same krav til kunnskap som for alle andre vegar til fag- og sveinebrev. Ordninga har inga aldersavgrensing, personar under 25 år kan òg teikne kontrakt om fagbrev på jobb. Sjå kva Utdanningsdirektoratet skriv om ordninga her

Krav for å opprette avtale og teikne kontrakt

  • Bedrifta du ønsker å teikne kontrakt med må være godkjent som lærebedrift. Om bedrifta ikkje er godkjent lærebedrift men ønskjer å bli det, kan dei søkje om det her
  • Du må ha fullført grunnskole eller tilsvarende. 
  • Du må til saman ha hatt minimum eitt år i full stilling med allsidig praksis i faget før du kan teikne kontrakt. Ein stillingsbrøk på 80 prosent eller høgare blir godkjent som full stilling. Dersom du ikkje har hatt full stilling, reknast praksis om til 100 prosent stilling. Det vil seie at dersom du har jobba to år i 50 prosentstilling, vert det reknast om til eit år i full stilling.

Læretid og praksis frå yrket

Alle fag har ein fastsatt opplæringstid som du skal gjennomføre før du kan ta fag- eller sveineprøve. I dei fleste fag vil full opplæringstid vere fire år i full stilling. Det inkluderer året med praksis som du må ha før du kan teikne kontrakt. Det er læreplanen i faget som styrer kor langt kravet til læretid er, og i nokre fag kan læretida være lenger enn fire år.

Sjå kor lang den opphavlege læretida i ditt fag er

Om du har meir enn eit års praksis i yrket frå før, eller vidaregåande utdanning, kan det gje deg kortare læretid. Du kan få same godskriving i læretida for gjennomgått vidaregåande opplæring som lærlingar får (jf. forskrift til opplæringslova §§ 11-10 og 11-11).

Ein slik godskriving vert kalla realkompetansevurdering. Realkompetansevurderinga er gratis for kandidatar med opplæringsrett (jf. Opplæringslova §4A-3), for andre kandidatar kostar det 6000 kr. Om du ønskjer realkompetansevurdering, kan du få dette på næraste voksenopplæringssenter. Hugs å velje det senteret som tilbyr faget du ønskjer å teikne kontrakt i. 

For fagbrev på jobb er det krav om at læretida er på minst eit år i full stilling. Det er ikkje satt eit minstekrav til stillingsbrøk i læretida. Om du har ein stillingsbrøk som er lågare enn full stilling vert læretida forlenga. Det vil seie at dersom du jobbar to år i 50 prosentstilling, vert det reknast om til eit år i full stilling. 

Teorikrav

Du må bestå ein skriftleg teorieksamen i faget før du får gå opp til fag- eller sveineprøva. Dette er den same eksamen som for praksiskandidatar og lærlingar med full opplæring i bedrift.

Finn fagkodar på udir.no

Du må sjølv melde deg opp til teorifaget via privatistweb.no. Om du treng hjelp til å finne din fagkode, kan du kontakte eksamenskontoret.

Kontrakt og opplæring

Kontrakten mellom deg og bedrifta skal opprettast når læreforholdet tek til. I kontrakten pliktar bedrifta å leggje til rette både opplæring og produksjon, òg utvikle ein internplan for gjennomføring av opplæringa. Dette gjeres slik at du og bedrifta saman kan nå alle måla i læreplanen.

Bedrifta skal ha intern kvalitetssikring slik at du får opplæring i samsvar med opplæringslova og forskrifta til denne.

Når det teiknast kontrakt vil bedrifta få eit økonomisk tilskot. Tilskotet går under kategorien basistilskot 2, og du kan lese meir om det her. Dersom du ønskjer teoriopplæring frå fylkeskommunen, vil fylkeskommunen trekke kostnadene til dette frå tilskotet til bedrifta. Dette gjer vi i avtale med deg og bedrifta.

Du skal ha full løn i heile læretida. Om ikkje anna er avtalt med bedrifta, fortset arbeidsforholdet som før, etter at kontrakttida er avslutta.

Slik går du fram for å teikne kontrakt

Arbeidsgjevar og arbeidstakar fyller ut skjema avtale om fagbrev på jobb. Saman med skjema skal det leggjast ved

  • Attest som dokumenterer praksis du har frå din noverande arbeidsgjevar. Arbeidsgjevar skal nytte dette skjema.
  • Kopi av vitnemål/kompetansebevis frå grunnskule og seinare utdanning.
  • I tillegg til arbeidsattest frå noverande arbeidsgjevar må kopiar av eventuelle arbeidsattestar frå tidlegare tilsettingsforhold i same fag leggast ved. Dette dannar grunnlaget for vurdering av kandidaten sitt opplæringsbehov.

Om du har kryssa av for at du ønsker realkompetansevurdering i skjema, kjem voksenopplæringa til å kontakte deg for å avtale tid for eit møte. Om du ikkje ønskjer realkompetansevurdering vert din tidlegare praksis vurdert på bakgrunn av dokumentasjon og attester som du sender inn saman med skjema.

Skjema og vedlegg skal sendast til ditt næraste voksenopplæringssenter. Adressa finn du lenger ned på sida. 

Etter at den innsende avtalen og eventuell realkompetanse er vurdert, kan du, bedrifta og fylkeskommunen opprette ein kontrakt for fagbrev på jobb.

Vi gjer merksam på at fylkeskommunen vil trenge noko tid til handsaminga av avtalar om fagbrev på jobb.

Oversikt over postadressene til voksenopplæringssentra

Gå inn på voksenopplæringssenteret sin side for sjå kva fag dei ulike sentra tilbyr. Send skjema til ditt næraste voksenopplæringssenter.

Profilbilde av Kontakt voksenopplæringa
Kontakt voksenopplæringa
55 23 92 30
Profilbilde av Kontakt fagopplæringskontoret
Kontakt fagopplæringskontoret
55 23 99 00