Bestill dokumentasjon

På denne sida finn du informasjon om dokumentasjon på beståtte prøvar. Her kan du bestille ny original eller oppdatert dokumentasjon på fag-/sveinebrev, kompetansebevis og vitnemål.

Fagbrev og sveinebrev er i A3-format som du kan henge på veggen.
Kompetansebevis og vitnemål er A4-format. Dei er bevis på utdanning som ofte nyttast til å søke jobb og skole.

Gå til denne sida om du ønskjer vitnemål fra videregåendeutdanning Vg1-Vg3.

For deg som nettopp har bestått fag-, sveine- eller kompetanseprøva

Har du nettopp bestått prøven, men ikkje fått dokumentasjon på resultat enno?
Dersom du er lærling, elev eller lærekandidat, og har bestått prøva, vil du få tilsendt vitnemål eller kompetansebevis etter sluttdatoen på kontrakten din. Dersom du er praksiskandidat blir kompetansebevis sendt ut etter avlagt prøve. Mesteparten av lærlingar og lærekandidatar er ferdig på same tid, og vi har derfor lenger saksbehandlingstid i sommarmånadene.

Har du ikkje fått oppgitt resultat på prøva?
Da må du vente på brev. Dersom du ikkje har bestått prøva vil du få brev med resultat så snart som mogeleg. Vi kan ikkje oppgje resultat per telefon.

Bestod du ikkje prøva?
Dersom du ikkje bestod prøva vil du få tilsendt brev med resultat, prøvenemndas grunngjeving for resultatet, informasjon om klagerett og kompetansebevis. Vi sender brevet rekommandert og du må hente det på posten. Klagefristen er på tre veker, og startar dagen du får brevet med resultatet.

Når får du fag- eller sveinebrevet?
Alle som har bestått fag- eller sveineprøve vil få invitasjon til utdelingsseremoni av fag- og sveinebrev. Dersom du ikkje ønskjer å delta på utdelinga kan du få fag- eller sveinebrevet ditt tilsendt ved å bestille det her. Dersom du ikkje tidligare har fått fag- eller sveinebrev vil du ikkje få tilsendt faktura. Fag- og sveinebrev er i A3-format og må difor hentast hos posten.

Autorisasjon
Fagopplæringskontoret sender ein gong i månaden melding til Statenes autorisasjonskontor om beståtte fagprøvar. Autorisasjonskontoret vil kontakte deg og fortelje deg kva du skal gjere for å søkje autorisasjon. For meir informasjon sjå www.sak.no.

Har du behov for ny eller oppdatert dokumentasjon?

Finner du ikkje eller har du mista fag-/sveinebrev, kompetansebevis eller vitnemål og ønsker ny original?
Her kan du bestille ny dokumentasjon. Pris på ny dokumentasjon finn du i bestillingsskjema.

Dersom du har bestått fag-/sveineprøve før 1998, må du kontakte fylkesarkivet. 

Har du tatt Vg4 påbygg etter fag- eller sveinebrev og vil ha vitnemål?
Dersom du har tatt påbygg Vg4 etter fag- eller sveinebrev, kan du ikkje sende inn bestillingsskjema, men du må kontakte fagopplæringskontoret på e-post. 

Har du behov for kopi av dokumentasjon?

Om du ønskjer attestert kopi av protokoll/prøveprotokoll/kompetansebevis / melding om bestått prøve må du kontakte fylkesarkivet.

Fylkesarkivet har mellom anna følgjande prøveprotokollar:

  • Bergen 1963-2017
  • Norheimsund 1981-2013
  • Stord 1981-2008
  • Fana lærlingnemnd 1965-71
  • Kvam lærlingnemnd 1969-80
  • Laksevåg lærlingnemnd 1958-71
  • Odda lærlingnemnd 1979-80
  • Arna yrkesskule 1982/83-88
  • Austrheim vgs. 1981-88
  • Bergen maritime 1987-88
  • Bergen yrkesskule 1981-88
  • Nordhordland yrkesskule 1981-88
  • Os yrkesskule 1983-88
  • Stord 1981
  • Voss yrkesskule 1981-88
  • Åsane yrkesskule 1984
  • Heismontør / el. montør: div. 1981-89

Lommefagbrev

Alle som har tatt fag-/sveinebrev kan bestille eit lommefagbevis. Det er på storleik med eit bankkort. Det er Oberthur Technologies som lager lommefagbevis. Du finner bestillingsskjemaet her.

Ofte stilte spørsmål

Eg har bestått vidaregåande opplæring, men har ikkje bestått fag-, sveine-, eller kompetanseprøva. Korleis går eg fram for å få dokumentasjon?
Ta kontakt med skulen du sist gikk på. Her finn du kontaktinformasjon til alle våre skular. 

Eg har tatt fag- eller sveineprøva før 1998 og kan ikkje bruke bestillingsskjema. Kva gjer eg?
Viss du har tatt prøven før 1998 må du ta kontakt med fylkesarkivet på e-post: fylkesarkivet@hfk.no eller telefon 55 23 99 50.

Eg har tatt eksamenar som privatist og ikkje fått dokumentasjon
Dersom du har tatt fag som privatist må du ta kontakt med eksamenskontoret som skriv ut dokumentasjon. Dersom du skal melde deg opp som praksiskandidat og har avlagt eksamen i Hordaland treng du ikkje legge ved dokumentasjon på eksamenskarakter.

Eg har bestått fagprøven, men hadde ikkje bestått alle fellesfag. Eg har no bestått faga eg mangla og ønskjer vitnemål og fagbrev. Kva gjer eg?
Du må sende inn bestillingsskjema som du finn her.

Eg har bestått fagprøven, men hadde ikkje bestått alle fellesfag. Eg har no fått ein sakkyndig vurdering frå PPT slik at eg kan få vitnemål og fag-/sveinebrev utskrevet. Kva gjer eg?
Du må skrive ein søknad om å få unntak frå kravet om bestått. Du må sende søknad og sakkyndig vurdering frå PPT sendast pr. post til fagopplæringskontoret. Her finn du postadressa

Eg har motteke dokumentasjon på fagprøva, men dokumentasjonen inneheld feil. Kva gjer eg?
Ta kontakt med fagopplæringskontoret.

Kvifor er vitnemålet eller fag- sveinebrevet på nynorsk?
Målforma i Hordaland fylkeskommune er nynorsk. All dokumentasjon er difor på nynorsk. Dersom du må ha dokumentasjonen på bokmål, ta kontakt med fagopplæringskontoret.

 

Profilbilde av Kontakt fagopplæringskontoret
Kontakt fagopplæringskontoret
55 23 99 00
Profilbilde av Kontakt fylkesarkivet
Kontakt fylkesarkivet
55 23 99 50
Profilbilde av Kontakt eksamenskontoret
Kontakt eksamenskontoret
55 23 95 55