Bli lærling! Ta fag- eller sveinebrev

Alle kan bli lærling. Som lærling får du opplæring i eit fag samtidig som du er arbeidstakar i ei bedrift.

Lærekontrakt

For å bli lærling må du teikne ein lærekontrakt med ei godkjend lærebedrift. Lærekontrakten må godkjennast av fagopplæringskontoret. Bedrifta har ansvar for å innhente denne godkjenninga.

Fag- og sveineprøve

Når læretida er over går du opp til ein fag- eller sveineprøve. Dette markerer avsluttinga på utdanningsløpet som etter hovudmodellen er to år i skule og to år i lære. Står du på fag- eller sveineprøven får du yrkeskompetanse i faget ditt. Fag- og sveinebrevet er beviset på at du har denne kompetansen.

Kven kan bli lærling?

Du kan bli lærling uansett kor gammal du er og når som helst på året. Det viktige er at du sjølv skaffar deg ein læreplass i ei bedrift.

Du kan ta fagbrev i om lag 190 ulike fag. Sjå oversikt over desse på vilbli.no

Erfaren, men ufaglært?

Har du erfaring frå yrket men manglar formell kompetanse? Då kan du ta fagbrev som praksiskandidat.

Slik søker du læreplass

Er du elev på vidaregåande og ønsker læreplass må du søke i Vigo før 1.mars.

Ein læreplass er ikkje noko du blir tildelt. Det er heller ingen garanti at du får læreplass gjennom å søke Vigo. Derfor må du sjølv være aktiv og oppsøke moglege lærebedrifter.

Dersom du ikkje er elev på vidaregåande må du søke direkte til lærebedrifta.

Her finner du oversikt over godkjende lærebedrifter i Hordaland.

Sjå gode råd for korleis ein skaffar seg læreplass i heftet "Vegen til læreplass"

Rettar og plikter

Som lærling pliktar du å ta imot rettleiing og informasjon frå lærebedrifta. Ein lærling er under opplæring samtidig som han er arbeidstakar. Både opplæringslova og arbeidsmiljøloven inneheld dermed rettar som gjeld for deg.

Løn, lån og stipend

Løn under utdanning skal avtalast med lærebedrifta. Som lærling kan du søke om stipend og lån i Lånekassen.

Rabatt på reiser

I Hordaland får lærlingar og lærekandidatar studentrabatt på kollektivtransport. Du må dokumentere at du har godkjend lærekontrakt.

Påbygg til generell studiekompetanse

Alle som har fullført yrkesfagleg utdanning har rett til å ta påbygg for studiekompetanse innan året dei fyller 24 år.

Ta deler av læretida i Europa

Som lærling i Hordaland kan du ta delar av læretida i eit anna europeisk land.

Her kan du lese meir om læretid i Europa

Profilbilde av Kontakt fagopplæringskontoret
Kontakt fagopplæringskontoret
55 23 99 00