For elevar i  barneverninstitusjon

Fylkeskommunen har opplæringsansvar for grunnskuleelevar som bur i sosiale og medisinske institusjonar.

Fylkeskommunen si PP-teneste har ansvar for å vurdere barnet sitt behov for spesialundervisning og gi rettleiing til skulane for desse elevane. Fylkeskommunen har óg ansvar for at barn i førskulealder som bur i medisinske og sosiale institusjonar får spesialpedagogisk hjelp ved behov.

Flytting til eller frå barneverneinstitusjon skal meldast til Hordaland fylkeskommune.

Handbok for samarbeid mellom barnevern og skule

Handbok for samarbeid mellom barnevern og skule

Målgruppe for handboka:

kommunale og statlege tilsette i barnevern og skule

Formålet med handboka:

Å bidra til klargjering av dei ulike aktørane si rolle og oppgåver, slik at barn og unge som oppheld seg i barnevernsinstitusjonar i Hordaland får best mogleg opplæring.

Handboka presenterer hovudmomenta i lovverket og dei praktiske rutinane som dei ulike samarbeidspartane skal følgje. (Sjå kapittel 2 og 3 for oversikt over konkrete rutinar).

For å kunne planleggje gode opplæringstilbod, er det ein føresetnad at fleire etatar, instansar og ulike fagpersonar inngår i eit forpliktande og tett samarbeid omkring det einskilde barn og ungdom.

Siv van der Meeren