Mobbeombod for skuleelevar

Mari-Kristine Morberg er mobbeombod for alle elevar på alle alderstrinn i Hordaland.

Alle elevar i barneskule, ungdomsskole og vidaregåande skule har rett til å ha det bra på skulen! Du skal føle deg som en del av klassen! Du skal ikkje bli ekskludert, vere einsam, eller blir utsett for mobbing eller plaging, verken frå elevar eller lærarar. Viss du ikkje har det bra på skulen, har du rett på hjelp frå dei vaksne.

Kva kan du gjere om du eller nokon du kjenner blir mobba?

  • Fortel det til nokon du stoler på. Til dømes foreldre, søsken, vener.
  • Fortel det til nokon på skulen (til kontaktlærar eller nokon andre du stoler på).
  • Fortel det også om du blir mobba/krenka digitalt eller på fritida.
  • Ta kontakt med meg (mobbeombodet) om du ikkje blir hørt på skulen eller ønskjer råd.
  • Husk òg at du kan melde saka til fylkesmannen i Hordaland

Kva skal skulen gjere?

  • Skulen skal ta deg på alvor! Det er di oppleving av korleis du har det som betyr noko.
  • Alle tilsette i skulen har plikt til å hjelpe deg.
  • Den du fortel det til skal varsle rektor.
  • Skulen skal undersøkje saka.
  • Skulen skal holde deg oppdatert undervegs om kva dei gjer og kva dei planlegg å gjere. Det er vanleg å bli invitert til eitt eller fleire møte.
  • Skulen skal snarast lage ei aktivitetsplan. Du skal få vere med å utforme planen. Planen skal innehalde dei tiltaka du og skulen meiner vil sørgje for at du får det bra på skulen.
  • Skulen skal sette i gang eigna tiltak for at du skal få det betre på skulen. Det kan til dømes vere oppfølging av dei som plagar deg eller opplegg for å betre klassemiljøet.
  • Tiltaka skal bli evaluert. Om tiltaka ikkje hjelper, må skulen sette i gang nye tiltak.

Husk også at skulen skal følgje med på om alle har det bra. Alle som jobbar på skulen skal gripe inn om dei ser eller mistenker at nokon blir plaga eller krenka.

Kva skal aktivitetsplanen innehalde?

  • Kva problem ein skal løyse
  • Kva skulen har planlagt
  • Når tiltaka skal gjennomførast
  • Kven som er ansvarleg
  • Når tiltaka skal evaluerast
  • Det må også stå noko om evaluering og korleis skulen skal følgje deg opp

Dei må og skrive at dei har vurdert kva som er til det beste for deg (barnets beste).

Kva om skulen ikkje gjer nok(o)?

Du kan gje skrifteleg melding til:

  • skulen (ved rektor)
  • opplæring-/utdanningsavdelinga i din kommune (for barne- og ungdomsskolen) /fylkeskommune (for vidaregåande) eller styret om du går på privatskule.
  • har du allereie gitt melding og skulen har fått tid å jobbe med saka (minst ei veke) kan du melde frå til Fylkesmannen i Hordaland.

Om du ønskjer råd eller vil drøfte saka,  kan du kontakte meg, mobbeombodet i Hordaland, Mari-Kristine Morberg.

Brevmalar for å be om hjelp (tiltak) eller for å melde saka

Nettsider som kan vere til hjelp

Har du vore utsatt for noko som kan vere kriminelt vil eg råde deg til å ta kontakt med politiet; politiet.no.

Treng du nokon å snakke med?

Mobbeombod i Hordaland
Profilbilde av Mari-Kristine Morberg
Mari-Kristine Morberg
40401557