Mobbeombod for barnehagebarn

Mari-Kristine Morberg er mobbeombod for barnehagebarn i Hordaland. Kva kan du gjere om barnet ditt ikkje har det bra i barnehagen?

Barnehagen skal bidra til at barna trivst og opplever livsglede, meistring og ei kjensle av eigenverdi. Barnehagen skal førebyggje krenkingar og mobbing. Om eit barn opplever å bli krenkt eller mobba, må barnehagen handtere det, stoppe det, og følgje det opp.

Om barnet ditt ikkje kjenner seg trygg og som ein del av fellesskapet, må du melde frå til barnehagen. Du finner mykje informasjon om barn sine rettar på www.nullmobbing.no/barnehage. Det er også derfrå mykje av informasjonen nedover på denne sida er henta frå.

Kva kan du sjå etter?

Det er ikkje alltid barna fortel om det som skjer i barnehagen. Spørsmål du kan stille deg:

  • Viser barnet glede over å vere i barnehagen?
  • Kva fortel barnet heime om barnehagen?
  • Verkar det som om barnet ditt har venner i barnehagen?
  • Verkar det som om barnet ditt kjenner seg trygg i barnehagen?
  • Fortel barnet om leik og morosame opplevingar?
  • Er dei vaksne i barnehagen opptekne av korleis barnet ditt har det i barnehagen?


Kva kan du gjere?

Det er viktig at du melder frå til barnehagen dersom du oppdagar at ditt eller andre sitt barn ikkje har det bra. Om eit barn i barnehagen opplever å bli mobba eller utestengt frå leiken, må barnehagen følgje opp dette.

  • Ta kontakt med pedagogisk leiar eller styrar og fortel om uroa di. Det kan vere lurt å gjere dette skriftleg.
  • Be om eit møte, der de saman kan lage ein plan om kva barnehagen og de som foreldre skal gjere for at barnet skal trivast. Planen bør innehalde mål, tiltak, og ei oversikt over kven som har ansvar for kva.
  • Du kan be barnehagen fortelje om korleis dei jobbar med å førebyggje og stoppe mobbing. Du kan òg høyre om barnehagen har ein plan for arbeidet.

Du kan bruke denne malen når du melder frå til barnehagen. Send brevet til styrer og pedagogisk leiar.

Kva om barnehagen ikkje tek meg på alvor?

Dersom du opplever at barnehagen ikkje tek uroa di på alvor, kan du kontakte kommunen. Er det ein privat barnehage, tek du kontakt med eigaren av barnehagen, eventuelt med kommunen dersom ikkje eigaren lyttar. Det finst ingen formell framgangsmåte, men her er nokre forslag til kva du kan gjere:

  • Be om eit møte for å høyre om korleis dei kan hjelpe deg. Både kommunen/barnehageeigaren og leiinga i barnehagen bør vere til stades. Det er òg mogleg for deg å ta med andre du ønskjer i dette møtet.
  • Foreslå at det blir laga ein skriftleg plan på kva som må gjerast. Denne planen kan innehalde mål, tiltak og ei oversikt over kven som skal gjere kva. Husk at barnets beste alltid skal vurderast.
  • Avtal eit oppfølgingsmøte.

Du kan bruke denne malen om du vil klage til den som eigar barnehagen. Det er mogleg for Fylkesmannen å gjere tilsyn basert på konkrete hendingar.

 

Brevmalar for å be om hjelp (tiltak) eller for å melde saka

  • Mal for å be barnehagen/kommunen/styret om hjelp: nynorsk / bokmål

Nettsider som kan vere til hjelp

Mobbeombod i Hordaland
Profilbilde av Mari-Kristine Morberg
Mari-Kristine Morberg
40401557