Mobbeombodet tek vare på personvernet ditt

Eg trenger ikkje vite kven du er eller kor du går på skule. Du kan velje om du vil vere anonym eller ikkje når du er i kontakt med meg.

Eg må lagre nokre opplysningar sjølv om du vil vere anonym. Det kan vere: dato du tok kontakt, korleis du tok kontakt (f.eks. SMS), kven som tok kontakt (du sjølv/ein ven/far/mor/lærar), om du går på barneskule eller vidaregåande og stikkord om kva det handlar om (f.eks. utfrysning). Inga av opplysningane eg lagrar kan identifisere deg om du vil vere anonym.

Om du vil at eg skal følgje opp deg opp,ringe deg igjen seinare for å sjekke korleis det går, eller liknande, må eg lagre namn og kontaktinformasjonen din, til dømes eit telefonnummer.

Eg gir ikkje ut opplysningar om deg til andre.

Rapportering og oversikt

Eg rapporterer årleg til politikarane i Hordaland. Då fortel eg kor mange førespurnader eg har fått i laupet av skuleåret som gjekk. Eg fortel dei kor mange saker som kjem frå barnehage og frå grunnskule, og kor mange gutar og jenter som tek kontakt, osb.

Eg holdar mykje føredrag og workshop og eg legger ut stories på Snapchat. Då fortel eg om kva barn og unge opplever, men også dette er anonymt.

Meir om personvern i Hordaland fylkeskommune og hordaland.no