Kva er eit mobbeombod og kva gjer ombodet?

Her finn du informasjon om mobbeombodet, kva  ombodet skal jobbe med, mandat, årsrapport og pressefoto.

Mobbeombodet i Hordaland er eit lågterskeltilbod for barn, elevar og føresette i Hordaland.  Det betyr at alle kan spørje henne om råd om barnehage- og skulemiljø. Ho skal bidra til at barn og unge får oppfylt rettane sine til trygge og gode barnehage- og skulemiljø.

Dette gjer mobbeombodet:

  • Støtter og rettleiar barn, elevar og føresette i saker om psykososialt miljø
  • Gir informasjon og opplæring til barn, elevar og føresette (førebygging)
  • Jobbar for å skape dialog og oppfølging, også etter at saker er handtert
  • Samarbeider med barn og unge, samt aktørar som arbeider med barn og ungdom på ulike nivå (til dømes: elevråd, ungdomsråd og ungdommens kommunestyre, Elevorganisasjonen, kommunar, barnehage- og skuleeigarar, PPT, skulehelsetenesta, helse aktørar, politiet, frivillige organisasjonar, høgskular og universitet).
  • Er ein informasjonsressurs og rettleiar for tilsette i barnehage og skule
  • Støtter elev- og lærlingombodet i arbeid med psykososialt miljø i vidaregåande opplæring
  • Bidrar til dokumentasjon og erfaringsdeling i fylket og nasjonalt

Mandat

1.    Mobbeombodet i Hordaland

Mobbeombodet skal bidra til at barn og unge i Hordaland får ivaretatt sine rettar til eit godt barnehage- og skulemiljø. Mobbeombodet skal òg i samarbeid med elev- og lærlingombodet i Hordaland bidra til at elevar og lærlingar får i varetatt sine rettar til eit godt psykososialt miljø i vidaregåande opplæring.

Ombodet skal utføre arbeidet sitt på eit fritt og sjølvstendig grunnlag. Ombodet er først og fremst eit lågterskeltilbod for barn, elevar og føresette.

2. Organisering, rapportering og initiativrett

Ombodet er tilsett i fylkeskommunen sin stab og samlokalisert med elev- og lærlingombodet. Omboda er plassert direkte under fylkesdirektør økonomi og organisasjon, og rapporterer årleg til fylkestinget. Ombodet har også høve til å rapportere direkte til fylkesrådmann. Ombodet skal ha ein systematisk og kontinuerlig dialog med administrasjon og politisk leiing i fylkeskommunen, med faste møtepunkt fleire gongar i året. Ombodet kan på eige initiativ fremme saker til utval for opplæring og helse.

Mobbeombodet er ein del at eit nasjonalt nettverk for fagleg utvikling og erfaringsdeling på tvers av fylka.

3. Målgruppe

Målgruppa til mobbeombodet er barn og unge i barnehage, grunnskule og vidaregåande opplæring i Hordaland, samt deira føresette.

4. Arbeidsoppgåver

Barnekonvensjonen, barnehagelova og opplæringslova er utgangspunkt for mobbeombodet sitt arbeid. Oppgåvene til mobbeombodet inneberer:

  • Støtte og rettleie barn, elevar og føresette i saker om psykososialt miljø
  • Jobbe førebyggande med informasjon og opplæring til barn, elevar og føresette
  • Skape dialog og bidra til god tverrfaglig oppfølging, også etter at saker er handtert
  • Bidra til dokumentasjon og erfaringsdeling i fylket og nasjonalt
  • Støtte elev- og lærlingombodet i arbeid med psykososialt miljø i vidaregåande opplæring
  • Samarbeide med barn og unge, samt aktørar som arbeider med barn og ungdom på ulike nivå (til dømes: elevråd, ungdomsråd og ungdommens kommunestyre, Elevorganisasjonen, kommunar, barnehage- og skuleeigarar, PPT, skulehelsetenesta, helse aktørar, politiet, frivillige organisasjonar, høgskular og universitet).
  • Vere ein informasjonsressurs og rettleiar for tilsette i barnehage og skule

5. Teieplikt

Ombodet har teieplikt og saker blir ikkje tatt vidare utan samtykke.

Rapportar

Pressefoto

På fotoweb kan du finne bilete av mobbeombodet som du kan nytte i media eller publikasjonar. Hugs å kreditere Hordaland fylkeskommune. 

Finn bilete av mobbeombodet

Mobbeombod i Hordaland
Profilbilde av Mari-Kristine Morberg
Mari-Kristine Morberg
40401557