Mobbeombodet i Hordaland
Eg har teieplikt. Det betyr at eg ikkje seier noko vidare utan at du vil det.
Send e-postEg heiter Mari-Kristine Morberg og er mobbeombod for alle som går i barnehage og på barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule i Hordaland. Eg jobbar for at du skal ha det bra.
Eg kan fortelle deg om kva du har rett til og korleis du går fram om du ikkje har det bra på skulen eller i barnehagen. Du kan og få råd om du er uroleg for ein venn eller ein medelev. Eg har teieplikt. Det betyr at eg ikkje seier noko vidare utan at du vil det.
Ta kontakt
Du kan ta kontakt med meg på mange ulike måtar. Eg vil helst snakke med deg, for det er ikkje så lurt å sende sensitiv informasjon på e-post eller sosiale media.
Om du ikkje vil ringe til meg, kan du sende meg telefonnummeret ditt på for eksempel SMS, e-post eller messenger, så kan eg ringe deg.
- SMS/mobil: 404 01 557
- E-post: mobbeombod@hfk.no
- facebook.com/mobbeombodet
- Snapchat: mobbeombod
Besøksadressa mi er Agnes Mowinckels gate 5. Eg jobbar stort sett mellom klokka 08.30 og 15.30. Får du ikkje tak i meg med ein gong, kjem eg tilbake til deg så snart eg kan!
Dette kan eg hjelpe med
-
Mobbeombod for elevar
Kva kan du gjere om du ikkje har det bra på barne-, ungdoms- eller vidaregåande skule?
-
Mobbeombod for barnehagebarn
Kva gjer du om barnet ditt ikkje har det bra i barnehagen?
-
Kvar gjer mobbeombodet?
Informasjon om mobbeombodet, kva er det ombodet skal jobbe med, mandat og årsrapport.
-
Mobbeombodet i sosiale media
Følg mobbeombodet på Facebook og Snapchat.
-
What can you do if your child is being bullied?
About the anti-bullying ombudsmannen in Hordaland.
-
Personvern
Slik tek mobbeombodet vare på personvernet ditt.
På Facebook vil eg dele frå jobbkvardagen min og komme med gode råd og tips
Følg meg på Facebook