Er karriererettleing noko for deg?

I løpet av yrkeslivet vil mange stå overfor fleire karriereval. Dette kan vere utfordrande. Karriererettleiing kan gjere deg bevisst på kva du vil, kven du er og kva du kan.

Hos Karriere Hordaland kan du

  • utforske dine jobb- og utdanningsmoglegheiter
  • finne ut kva som motiverer deg og kva for arbeidsoppgåver du liker og meistrer
  • lære metodar for å gjere gjennomtenkte og bevisste karriereval
  • kartleggje din kompetanse og dine interesser
  • få innspel og informasjon om jobbsøkjarprosessen, CV/søknad og jobbintervju

Våre karrieretenester er gratis og konfidensielle.

Førebu deg: Dette er det nyttig å tenkje på før samtalen