Lær om utdanning- og yrkesval på nett

Det finns ei rekkje nettstader for deg som vil vite meir om utdanning- og yrkesval. Vi anbefalar at du bruker tid på desse.

Utdanning.no er ei nasjonal nettside med informasjon om utdanning og yrke. Den har oversikt over utdanningstilbodet i Norge. Nettstaden gir oversikt over meir enn 6000 utdanningar i Norge, frå vidaregåande opplæring til høgare utdanning - inkludert fagskular og folkehøgskular. Her finn du mellom anna karakterkalkulatoren, jobbkompasset og verktøyet "karriereplanleggeren".

  • I verktøyet Jobbkompasset kan du velje eit område du interesserer deg for og finne yrke innanfor dette. Kanskje finn du yrke du ikkje visste eksisterte?
  • Karakterkalkulatoren kan du fylle inn karakterane dine og sjå kva for utdanningar du har nok poeng til å komme inn på - eller kor mykje du manglar for å komme inn på ulike studiar.
  • Karriereplanleggeren er for deg som tar høgare utdanning og ønskjer å bli meir bevisst på vala du gjer for di eiga karriere og utvikling.

Vilbli.no er nettstaden for deg som skal søkja vidaregåande opplæring. Du finn quiz og interessetesta, informasjon om dei 13 utdanningsprogramma, oversikt over alle programområda og alle yrke/kompetansar.

Samordna opptak er nettstaden for deg som skal søke høgare utdanning. Her finn du oversikt over studium og opptakskrav i Norge.

På Nav sine nettsider finn du gratis testar om utdanning- og yrkesval. For å få utbyte av testane anbefaler vi deg å samtale om resultata med ein rettleiar.

Interessetest - spesielt berekna på deg som er ungdom og vil finne ut meir om kva du er interessert i

Vegval - for deg som skal velja vidaregåande eller høgare utdanning

Akademia - for deg som skal ta høgare utdanning, eller skifta jobb

 

Profilbilde av Kjell Helge Kleppestø
Kjell Helge Kleppestø