Karrieresenter Sunnhordland

Ønskjer du nokon å snakke med om jobb eller utdanning? Du kan møte ein av våre karriererettleiarar.

I løpet av yrkeslivet vil mange stå overfor fleire karriereval. Dette kan opplevast som utfordrande. Karriererettleiing kan gjere deg bevisst på kva du vil, kven du er og kva du kan.

Hos oss kan du

  • utforske dine jobb- og utdanningsmoglegheiter
  • finne ut kva som motiverer deg og kva for arbeidsoppgåver du liker og meistrer
  • lære metodar for å gjere gjennomtenkte og bevisste karriereval
  • kartleggje din kompetanse og dine interesser
  • få innspel og informasjon om jobbsøkjarprosessen, CV/søknad og jobbintervju
  • Våre karrieretenester er gratis og konfidensielle.

Førebu deg: Dette er det nyttig å tenkje på før samtalen

Etiske retningslinjer for karriererettleiinga

Besøksadresse

Vabakkjen 6 (Verket, 3. etasje)
5411 Stord

Møt oss i Etne og Kvinnherad

Vi dekker eit stort geografisk område, og har derfor faste besøksdagar i Etne og Kvinnherad kommunar.

Etne kommune

Siste torsdag i månaden er vi å finne på kommunehuset mellom 10 og 14.

Kvinnherad kommune

Andre onsdag i månaden er vi på Kvinnherad Næringsservice mellom 10 og 14.

Profilbilde av Birgit E. Olsen Bratseth
Birgit E. Olsen Bratseth
Profilbilde av Elin Karine Haukanes
Elin Karine Haukanes
40806302
Leiar Karriere Hordaland
Profilbilde av Kjell Helge Kleppestø
Kjell Helge Kleppestø
99717156