Førebu deg til karriererettleiing

Karriererettleiing er mellom anna for deg som skal ta utdannings- og yrkesval eller opplever omstillingar i arbeidslivet. Karriere Hordaland tilbyr individuell rettleiing til alle hordalendingar over 19 år.

For å «kople deg på» rettleiingstimen, vil vi rå deg til å tenkje gjennom desse spørsmåla på førehand.

  • Kva er den viktigaste grunnen til at du vil ha karriererettleiing?
  • Kva ønskjer du spesielt å få hjelp til?
  • Korleis ser ønska dine for framtida ut?
  • Kva for andre moglegheiter har du tenkt på?
  • Kva trur du skal til for at du skal kunne oppnå det du ønskjer? 
  • Kva er dei største utfordringane dine i med omsyn til framtidig  jobbsituasjon slik du ser det?
  • Korleis vil du beskrive deg sjølv som person?
  • Kva opplever du er viktig for at du skal trivast på ein arbeidsplass?
  • Kva likar du godt å gjere når du jobbar og/eller når du har fri?
  • Når har du følt trivsel og meistring i skule- eller yrkessamanheng?

 

Sjå også gode nettstader det kan vere lurt å orientere seg i før du skal ha rettleiing.