Karriere Hordaland
For å få karriererettleiing, bestiller du time på førehand. Finn eit tidspunkt som passar for deg.
Bestill timeØnskjer du nokon å snakke med om jobb eller utdanning? Karriere Hordaland er for alle vaksne over 19 år.
I løpet av yrkeslivet vil mange stå overfor fleire karriereval. Dette kan opplevast som utfordrande. Karriererettleiing kan gjere deg bevisst på kva du vil, kven du er og kva du kan.
Hos oss kan du
- utforske dine jobb- og utdanningsmoglegheiter
- finne ut kva som motiverer deg og kva for arbeidsoppgåver du liker og meistrer
- lære metodar for å gjere gjennomtenkte og bevisste karriereval
- kartleggje din kompetanse og dine interesser
- få innspel og informasjon om jobbsøkjarprosessen, CV/søknad og jobbintervju
Våre karrieretenester er gratis og konfidensielle.
Våre karrieresentre
Vi vil gjere deg bevisst på dine moglegheiter. Møt oss på eit av våre tre karrieresenter.
Etiske retningslinjer for karriererettleiingssamtalane
Sjå dei nasjonale retningslinjene