Tilskot til fagskuleutdanning i helse- og sosialfag

Tilskotsordninga skal dekke driftsutgifter for fagskuleutdanning i helse- og sosialfag. Både private og offentlege tilbydarar med godkjent fagskuleutdanning kan søkje om tilskot.

Kven kan søkje

Offentlege, private og ideelle utdanningstilbydarar med NOKUT-godkjente fagskuletilbod i helse- og sosialfag kan søkje om tilskot for studentar med bustadadresse i Hordaland.

Korleis vert søknadene vurdert

Dei siste åra har det vore stor pågang i høve til søknadar om tilskot til studentar under denne ordninga, og det vert samla sett søkt om tilskot til fleire studentar enn kva Hordaland fylkeskommune disponerer. Det vert derfor gjort nøye prioriteringar i høve til kva utdanningar som skal få tilskot, og følgjande vurderingar/prioriteringar vert gjort i samband med tilskotsfordelinga:

  • Vurdering av kva utdanningar som får tilskot vert gjort med mål om å skapa ein variasjon og balanse i tilbodet samla sett i Hordaland på kort og lang sikt.
  • Tilbydarar som har signert intensjonsavtale med ein eller fleire arbeidsgjevarar om heile eller delvise klassar vert prioriterte.
  • I høve til utdanningar som er stadbaserte* i Hordaland, vert det forsøkt å gje tilskot til heile klassar.

* Merk! Tilbydar sin studiestad i Hordaland må vere godkjent av NOKUT.

Handsaming av søknader

Søknadene om tilskot for studentar med start hausten 2017 vert handsama i Opplærings- og helseutvalet den 19. april.

Mål for ordninga

Formålet med tilskotsordninga er å sikra ein stabil og føreseieleg finansiering av fagskoleutdanning i helse- og sosialfag. Tilskotet skal dekkja driftsutgifter for fagskuletilboda som det er mogleg å få tilskot for innan denne ordninga.

Hovudmål

  • Heve kompetansen på sentrale fagområde i den kommunale omsorgssektoren
  • Gje personell tilbod om ein karriereveg
  • Realisera nasjonale måltal for utdanningsaktiviteten
  • Sikre utdanningstilbod over heile landet gjennom å ivareta både regionale, inter-regionale og nasjonale fagskuletilbod.

Målgruppe

Personell innan helse- og sosial med utdanning på vidaregåande skulenivå.
Tilskotsordninga bidreg til å nå målsettinga i Omsorgsplan 2015 og kompetanseløftet 2015, jf. Stortingsmelding nr. 1 (2005-2006) Mestring, moglegheiter og meining – Framtidas omsorgsutfordringar.

Satsar og berekning og utbetaling av tilskot

Følgjande kategoriar og satsar per heiltidsekvivalent student gjelder for budsjettåret 2016:

  • Nettbasert* - 54 000 kr 
  • Stadbasert - 78 100 kr


* For enkelte tilbydarar av nettbasert undervisning med låge samla studenttal vert satsen for stadbasert tilbod nytta. Satsane vert vidareført for desse tilbydarane.

Satsane gjeld tilskot per år per heiltidsekvivalent student. Tilskotet vert tilpassa faktisk lengde på utdanninga. Om eit eittårig stadbasert utdanningstilbod vert tilbydd på deltid over to år, vert det tildelt ein fjerdedel av beløpet på 78 000 kr. kvart semester. 

Fylkeskommunen skal sørgje for at alle studieløp som det til ein kvar tid vert gjeve tilskot for kan vidareførast innan fylkets ramme.

Det vert gjeve tilskot til tilbydarar etter satsar per student som vert multiplisert med talet på registrerte studentar på telletidspunkta 1. mars og 1. oktober. Det inneber at tilskota vert gjeve kvart halvår frå fylkeskommunane til tilbydarar som har fått løyva midlar.

Bakgrunn for tilskotsordninga

Tilskot til å dekke driftsutgifter for fagskuleutdanning i helse- og sosialfag vart innført frå 01.07.2009. Forvaltninga av tilskotet overfor helsefagskulane vart i samband med Ot.prp. nr. 10 (2008 – 2009) overført til fylkeskommunane frå 2010. Tilskotet skal øyremerkast i ei avgrensa periode, og Helsedirektoratet har fått i oppgåve å ivareta den statlege oppfølginga av tilskotet. Oppgåva inneber å foreta fylkesvis fordeling av samla pengeløyving. Tilskotsregelverket del 1 regulerer Helsedirektoratet sin tilskotsforvaltning ovanfor fylkeskommunane, medan del 2 gjev føringar for fylkeskommunane sin tilskotsforvaltning ovanfor utdanningstilbydarane.

Les meir om ordninga på Helsedirektoratet sine nettsider.

Profilbilde av Adeline Berntsen Landro
Adeline Berntsen Landro
55239357