Fagskuleutdanning
Utdrag frå Lov om høyere yrkesfaglig utdanning
Fylkeskommunen skal sørge for at det tilbys akkreditert fagskoleutdanning i samsvar med behovet for kompetanse lokalt, regionalt og nasjonalt.
Sjå fagskolelovenFagskuleutdanning er høgare yrkesfagleg utdanning frå eit halvt til to år i omfang. Utdanningane er sidestilt med anna høgare utdanning og er på nivået over vidaregåande opplæring i utdanningssystemet.
Fagskuleutdanning skil seg frå anna høgare utdanning på ein del område. Du kan mellom anna søkje opptak på grunnlag av fullført fagbrev, og det er ikkje krav om at undervisinga i fagskulane skal vere forskingsbasert, men det er eit krav at utdanningane skal ha yrkesrelevans. Ei fagskuleutdanning skal såleis i større grad være direkte kopla til arbeidslivet sine behov.
Hordaland fylkeskommune er skuleeigar for Fagskolen i Hordaland og styret for fagskulen blir valt av fylkestinget.
Fagskuletilbod og tilskotsordningar
Her finn du informasjon om fagskulen vår, opptak og tilskotsordning for fagskular
- Nettside for Fagskolen i Hordaland
-
Slik søker du fagskuleutdanning
Søknadsfrist er 15. april
-
Styret for Fagskolen i Hordaland
Sjå medlemsoversikt og styresaker
-
Tilskot til fagskuleutdanning
Søknadsfrist 11. mars