Slit du som lærling

Fleire ungdommar, og også lærlingar, har problem med sjukdom, psykisk helse og vanskar med å lære. Det er viktig å ta tak i problema tidleg, slik at det er større sjans for at du står på fag- eller sveineprøven.

Kva gjer du dersom du blir sjuk

Dei fleste av oss blir sjuke av og til, og det er lov å vera sjuk. Sjefen har ansvar for å leggje til rette for deg om du treng det. Ta ein prat om kva som skal til for at du kan meistre jobben din. Kanskje har legen din nokre tips eller anbefalingar?

Dersom du blir sjuk, må du hugse dette

Eigenmelding: Gi beskjed til arbeidsplassen med ein gong du blir sjuk. Lever eigenmelding med ein gong du er tilbake på arbeid. Sjekk med sjefen korleis og til kven du skal melde frå til dersom du blir sjuk, og kor mange dagar du kan bruke eigenmelding.

Sjukmelding: Dersom du er sjuk lenge eller ofte, må du til legen for å få sjukemelding. Lever sjukemelding til din sjef same dag som du vert sjukemeldt.

Læretida kan bli forlenga: Dersom du er sjuk meir enn ein månad av læretida si, kan læretida bli forlenga. Dette kan skje dersom du og bedrifta er samd om at det kan vera behov for dette for at du skal lære det du må. Det er Fagopplæringskontoret som saksbehandlar søknad om forlenga læretid.   

Kva kan du gjere om du har psykiske utfordringar?

Vi har alle dårlege dagar eller periodar i livet som er vanskelegare enn andre. Dersom du har psykiske problem som går ut over jobben, kan det hende du treng hjelp. Fastlegen din kan finne nokon som kan hjelpe deg. Som lærling har du også rett på tenester frå OT/PPT til å få gjennomført vidaregåande opplæring. Her arbeider det både rådgjevarar og psykologar.

 

Vanskar med å lære, eller problem med konsentrasjon?


Dersom du har vanskar med å lære eller problem med konsentrasjon, kan det vera lurt å be om hjelp frå PPT  Dei kan beskrive problema du har, og gi råd til bedrifta om korleis dei best kan hjelpe deg.

Eksempel:

  • Faste rutinar
  • Skriftlege beskjedar
  • Sette opp delmål
  • Repetere nytt stoff
  • Jobbe ein stille stad
  • Få tilbakemeldingar ofte

Dersom du treng mykje ekstra rettleiing på grunn av vanskar med å lære, kan det hende bedrifta kan søke om ekstra tilskot frå fagopplæringskontoret.

 

Ofte stilte spørsmål

-          Eg slit med depresjon og er usikker på om eg klarar å fullføre læretida mi

Svar: Sjefen har ei plikt til å leggje til rette på ein best mogleg måte for at du får gjort jobben din. Du må forklare kva som er vanskeleg og kva som kan hjelpe. Du bør også ta kontakt med fastlege slik at han kan vise deg vidare til rett plass for få hjelp. Du kan også diskutere med lærebedrifta om det kan vera mogleg å ha eit kortare avbrot i læretida for å følgje eventuell behandling.

-          Bør eg gi beskjed til sjefen om at eg har dysleksi?

Svar: Du bør gi beskjed om dette dersom du treng ekstra hjelp og tilrettelegging. Gi beskjed før du signerer lærekontrakten slik at ingen vert overraska.

-          Kor mykje bør sjefen legge til rette for meg når eg er sjuk?

Svar: Sjefen har ei plikt til å legge til rette slik at du kan halde fram i jobben, så lagt det er mogleg for bedrifta. Du kan eksempelvis har krav på meir tid til oppgåvene, hjelpemidlar eller andre oppgåver innanfor same fag/bedrift.

Dette seier lova

Dette står i opplæringslova

I opplæringslova § 1-3 første ledd står det at opplæringa skal tilpassast den enkelte sine evner og føresetnader.

Lærlingar skal ha same tilgang på pedagogisk- psykologisk teneste (PPT) som elevar i vidaregåande skule. Dette står i opplæringsloven § 4-2, fjerde ledd 

Dette står i arbeidsmiljølova

Dersom ein arbeidstakar har redusert evne til å arbeide som følgje av ulykke, sjukdom, slitasje e.l., skal arbeidsgjevar, så langt som mogleg, setje inn nødvendige tiltak for at arbeidsgjevar skal kunne halda fram i arbeidet sitt. Dette står i arbeidsmiljøloven § 4-6, første punkt 

Ofte stilte spørsmål

Eg slit med depresjon og er usikker på om eg klarar å fullføre læretida mi.
Svar: Sjefen har ei plikt til å leggje til rette på ein best mogleg måte for at du får gjort jobben din. Du må forklare kva som er vanskeleg og kva som kan hjelpe. Du bør også ta kontakt med fastlege slik at han kan vise deg vidare til rett plass for få hjelp. Du kan også diskutere med lærebedrifta om det kan vera mogleg å ha eit kortare avbrot i læretida for å følgje eventuell behandling.

Bør eg gi beskjed til sjefen om at eg har dysleksi?
Svar: Du bør gi beskjed om dette dersom du treng ekstra hjelp og tilrettelegging. Gi beskjed før du signerer lærekontrakten slik at ingen blir overraska.

Kor mykje bør sjefen legge til rette for meg når eg er sjuk?
Svar: Sjefen har ei plikt til å legge til rette slik at du kan halde fram i jobben, så lagt det er mogleg for bedrifta. Du kan eksempelvis har krav på meir tid til oppgåvene, hjelpemidlar eller andre oppgåver innanfor same fag/bedrift.

Elev- og lærlingombod
Profilbilde av Sigrid Isdal
Profilbilde av Kontakt OT/PPT
Kontakt OT/PPT
55 23 94 70