Skaffe eller bytte læreplass

Kven som helst, uavhengig av alder eller ungdomsrett, kan søke til den enkelte lærebedrift om å få læreplass. Dersom ei lærebedrift tilbyr deg læreplass må du gjennomføre heile læretida og bestå nødvendige fag for å kvalifisere deg til å få gå opp til fag- eller sveineprøve.

Dersom du har ungdomsrett kan du lese meir om korleis du kan søke læreplass her.  

Ta gjerne kontakt med Hordaland fylkeskommune ved fagopplæringskontoret om du lurer på noko om å bli lærling. Dei er der for å hjelpe deg.

Bedrifter må søke om godkjenning frå Hordaland fylkeskommune ved fagopplæringskontoret for å kunne bli godkjent lærebedrift. Oversikt over alle lærebedrifter med godkjenning finn du her.

Ikkje fått læreplass?

Dersom du har ungdomsrett og ikkje har fått læreplass innan 1. september kan du ha rett til opplæring Vg3 i skule.

Dersom du får tilbod om Vg3 i skule, skal du lære det same som du ville lært i lærebedrifta. Du får ikkje løn. Dersom du har søkt i www.vigo.no skal fagopplæringskontoret kontakte deg innan 15. august for å følgje deg opp.

Byte læreplass

Slik bytar du læreplass:

  1. Finn ei ny lærebedrift som ynskjer å ha deg som lærling. Her finn du godkjente lærebedrifter i Hordaland.  Dersom du finn ei lærebedrift som ikkje er godkjent lærebedrift, men som ynskjer å bli det kan dei kontakte fagopplæringskontoret for å få informasjon om søknadsprosessen. Slik kan bedrifta gå fram.
  2. Forklar situasjonen din til fagopplæringskontoret. Du må søke til fagopplæringskontoret om å få heve lærekontrakten dersom ikkje lærebedrifta ønskjer å avslutte kontrakten. Det mest vanlege er at lærling og bedrift blir samde om å avslutte kontrakten dersom ein av partane ønskjer å avslutte læretilhøvet. Om du og bedrifta er samde, signerer begge på eit papir og sender papira inn til fagopplæringskontoret som godkjenner desse.
  3. Sei opp læreplassen din og bli samd med bedrifta om ei sluttdato.
  4. Du inngår ny kontrakt med ny bedrift. Du kan få godkjent tidligare læretid, slik at du ikkje nødvendigvis må starte heilt på nytt.

Fagopplæringskontoret kan hjelpe deg dersom du ynskjer å ta opp problem på læreplassen du har. Det er viktig å melde frå om utfordringar tidlig, slik at bedrifta får moglegheit til å rette opp i dette. Fagopplæringskontoret kan også bli med deg i samtalar med lærebedrifta.

Eksempel: Ida ønskjer seg ny læreplass

Ida er lærling og har det ikkje så bra i lærebedrifta. Ho synes ikkje ho lærer det ho skal. Sjefen har også kjefta på henne fleire gongar utan grunn. Ho har prøvd å snakke med sjefen, men det skjer ingen endringar.

Ida blir i bedrifta medan ho aktivt søker læreplass i andre bedrifter. Når ho får tilbod om ny læreplass tar ho kantakt med fagopplæringskontoret og forklarar situasjonen. Ho blir vidare samd med tidligare lærebedrift om å heve lærekontrakten. Ida og lærebedrifta sender inn søknad til fagopplæringskontoret om å heve kontrakten. Fagopplæringskontoret behandlar søknaden og svarer positivt. Ida kan no inngå ny kontrakt med ny bedrift. Det er fagopplæringskontoret som godkjenner den nye lærekontrakten.

Fagopplæringskontoret har no informasjon som gjer at dei kan følgje tidligare lærebedrift tettare opp. Dersom tidligare lærebedrifta ikkje hadde vore samd i å heve kontrakten, kan Ida søke til Fagopplæringskontoret om å få heve kontrakten. 

Dette seier lova

I opplæringslova § 4-6 står det om heving av lærekontrakt:
Lærekontrakten kan hevast av partanedersom dei er samde om det og etter at lærebedrifta har orientert fylkeskommunen skriftleg om det. Etter samtykke frå fylkeskommunen kan kontrakten hevast av både lærebedrifta og av lærlingen dersom:

a) den andre parten gjer seg skyldig i vesentlege brott på pliktene sine i arbeidsforholdet

b) ein av partane viser seg ute av stand til å halde fram i læreforholdet, eller

c) lærlingen skrifleg seier frå at det er ei urimeleg ulempe for han eller ho å halde fram ut kontrakttida

Fylkeskommunen avgjer i tilfelle når læreforholdet skal ta slutt. Lærebedrifta skal skrive ut ein attest for den delen av kontrakttida som er gjennomført med ei fråsegn om denne delen av opplæringa.

Ofte stilte spørsmål

Kan eg søke læreplass kvar som helst i Norge?
Svar: Dersom du har fullført teoridelen i faget ditt, kan du søke læreplass kvar som heldt i landet. Dersom du får avtale om læreplass med ei bedrift, er det fylket der lærebedrifta heldt til som godkjenner lærekontrakten og følgjer opp deg og lærebedrifta.

Har eg rett på ein ny læreplass dersom eg ikkje trives?
Svar: Du har rett på å ha eit godt læremiljø og eit forsvarleg arbeidsmiljø i bedrifta di. Meld frå til din sjef, eller vidare til Fagopplæringskontoret, dersom dette ikkje er på plass. Som elev- og lærlingombod kan eg gi hjelp og rettleiing undervegs.

Dersom lærebedrifta ikkje lenger kan tilby deg opplæring, få du som regel hjelp til å finne ny læreplass. Dersom lærebedrifta er medlem av eit opplæringskontor og dei er ein del av din lærekontrakt, skal opplæringskontoret hjelpe deg å finne ny læreplass.

Dersom du sjølv ønskjer å bytte læreplass, må du vanlegvis ordne med ny læreplass sjølv. Det er fagopplæringskontoret som skal godkjenne heving av lærekontrakt, uavhengig om det er du, bedrifta eller begge som ønskjer å avslutte læretilhøvet.

Elev- og lærlingombod
Profilbilde av Sigrid Isdal
Profilbilde av Kontakt fagopplæringskontoret
Kontakt fagopplæringskontoret
55 23 99 00