Orden og oppførsel

Korleis kan skulen straffe eg? Kva skjer ved juks, og kva bestemmer karakteren i orden og oppførsel?

Ordensreglementet fortel noko om kva skulen forventar av deg som elev, og hjelpe til med å gi eit godt skulemiljø. Reglementet set også grenser for kva skulen har lov å gjere mot deg dersom du bryt reglane. Alle skular skal ha eit ordensreglement. Som elev i vidaregåande skule har du signert på at du skal følgje dette reglementet.

Hordaland har eit fastsatt ordensreglement som gjeld for alle skular

I tillegg kan den enkelte skule bestemme eigne reglar som gjeld for kvar skule.

Korleis kan skulen straffe meg?

Skulen har lov til å:

  • gi merknad
  • gi meldeplikt
  • krevje erstatning eller reperasjon
  • vise elevar bort
  • ta ulovlege ting du har teke med på skulen

Skulen har ikkje lov til å:

  • straffe elevar på kroppen
  • straffe fleire elevar enn dei som har gjort noko (kollektiv straff)
  • gi dobbel straff

Juks

Skulen har lov til:

  • Dersom du juksar, får du «Ikkje vurdert» på prøven eller eksamen
  • Juks tel på karakteren i åtferd

Skulen har ikkje lov til:

  • Dersom skulen berre har mistanke om juks, kan ikkje karakteren i åtferd setjast ned.


Karakter i orden og åtferd

Når ein lærar skal bestemme karakteren din i orden og oppførsel, ser han på kor godt du har følgt ordensreglementet. Dersom du stort sett har følgt dette vil du få karakteren God (G).

Læraren skal ta omsyn til om du har spesielle utfordringar med å halde styr på ting, og oppføre deg. Du skal ha varsel i god tid dersom det er fare for at orden eller åtferdskarakteren din vert satt ned til Nokså godt (Ng) eller Lite godt (Lg).

Du får standpunktkarakter i orden og oppførsel det siste halve året du er elev. Denne karakteren har du klagerett på. Dersom du skal søke jobb eller læreplass er sjefen ofte interessert i om du har gode karakterar i orden og oppførsel.

Dette seier lova

Ofte stilte spørsmål

Har skulen lov til å ta mobilen min?
Svar: Skulen kan ta mobilen dersom det står i ordensreglementet. Du skal få mobilen tilbake seinast etter skuletid.

Eg har gjort noko ulovleg. Korleis kan skulen reagere?
Svar: Dersom du har brote ordensreglementet, kan skulen reagere på ein av måtane som vert omtalt der. Vanlege reaksjonar er merknad, du vert satt ned i åtferdskarakter eller du kan bli bortvist. Dersom du har gjort noko som er forbode etter norsk lov, kan skulen melde om det som har hendt til politiet. Det kan vera lurt å be om ein prat med rektor og forklare situasjonen slik som du opplevde den. Kan hende at du kan beklage det som har skjedd.

Elev- og lærlingombod
Profilbilde av Sigrid Isdal