Løn, arbeidstid, overtid og ferie

Som lærling har du krav på den løna du har avtalt med din arbeidsgjevar. Det finnes reglar for arbeidstid, overtid og ferie. Desse reglane er like for deg som for dei andre på jobben.

Har jobben din tariffavtale?

Tariffavtale er ein avtale mellom jobben og dei tilsette som seier noko om når de skal arbeide og kva de skal ha i løn. Nokre bedrifter har tariffavtale, andre har det ikkje. På denne måten finn du ut om bedrifta di har tariffavtale:

  • Sjå på arbeidsavtalen din. Dersom det står «Tariffløn» eller «Løn i høve til gjeldande tariff», har bedrifta tariffavtale
  • Spør tillitsvalt på jobb. Tillitsvalt er den personen på jobben som er kontaktperson opp mot fagforeininga
  • Spør sjefen din

Med tariffavtale

Arbeidstid: Det står i tariffavtalen kor mykje du skal arbeide og når. Arbeidstida kan nokre gongar variere.

Løn: I tariffavtalen står det kva du skal tene. Det står også kva tillegg du skal ha dersom du arbeider kveld, helg eller heilagdag.

Overtid: Dersom det skjer noko uventa på jobb, kan du bli bedt om å jobbe meir enn du skal, altså overtid. Du skal ha utbetalt minst 50 prosent overtidstillegg. Når du arbeider overtid som lærling, bør du regnast som ufaglært arbeidar, fordi alle opplæring skal skje innanfor normal arbeidstid. Du kan heller ikkje regne med å få rettleiing når du arbeider overtid. Det finnes maksimale grenser for kor mykje overtid du kan jobbe. Les meir om dette på arbeidstilsynet sine nettsider.

Ferie: Som lærling har du rett på fem veker med ferie i året, på same måte som andre tilsette. Du må søke til sjefen om når du ønskjer ferie. Du kan søke om å ha tre veker samanhengande ferie mellom 1. juni – 30. september. Feriepengar du har tent opp året før, blir utbetalt i staden for løn i ferien. Det første året du jobbar er det ikkje sikkert at feriepengane vil dekke opp heile ferien. Du er ikkje pålagt å ta ut ferie når du ikkje har opparbeida deg tilstrekkeleg med feriepengar. Unntaket er når heile jobben stenger. Då må også du ta ferie. På arbeidstilsynet sine nettsider kan du lese meir om ferie.

 

Utan tariffavtale

Arbeidstid: Det skal stå på arbeidsavtalen din når og kor mykje du skal arbeide. Det er lov å arbeide opp til 40 timar i veka.

Løn: Det er ingen reglar for kva ein lærling skal tene. Dei fleste lærlingar tener ei begynnarløn for ein faglært arbeidar, fordelt over to år. Det skal stå noko om di løn i arbeidsavtalen

Overtid: Dersom det skjer noko uventa på jobb, kan du bli bedt om å arbeide meir enn du skal, altså overtid. Du skal ha betalt minst 40 % overtidstillegg. Når du arbeider overtid som lærling, bør du regnast som ufaglært arbeidar, fordi alle opplæring skal skje innanfor normal arbeidstid. Du kan heller ikkje regne med å få rettleiing når du arbeider overtid. Det finnes maksimale grenser for kor mykje overtid du kan jobbe. Les meir om dette på arbeidstilsynet sine nettsider.

Ferie: Som lærling har du rett på ferie på same måte som andre tilsette. Du har rett på fire veker og ein dag med ferie i året. Du må søke til sjefen om når du ønskjer ferie. Du kan søke om å ha tre veker samanhengande ferie mellom 1. juni – 30. september. Feriepengar du har tent opp året før blir utbetalt i staden for løn i ferien. Det første året du jobbar er det ikkje sikkert at feriepengane vil dekke opp heile ferien. Du er ikkje pålagt å ta ut ferie når du ikkje har opparbeida deg tilstrekkeleg med feriepengar. Unntaket er når heile jobben stenger. Da må også du ta ferie. På arbeidstilsynet sine nettsider kan du lese meir om ferie.

Pause

Dersom vakta di er på minst fem og ein halv time, har du rett på minst ein pause. Dersom du må vere på jobb i pausen, skal du ha betalt pause. Dersom den daglege arbeidstida er åtte timar eller meir, skal pausen minimum vare i ein halv time. Les meir om reglar for pause på arbeidstilsynet sine nettsider.

Kom presis

Det er ditt ansvar å møte presis på jobb. Jobben må kunne stole på at du kjem på jobb til avtalt tid. Dersom du kjem for seint fleire gongar, kan dette føre til at du mister læreplassen din. Læreplassen må søke til fagopplæringskontoret om å få heve lærekontrakten med deg.

Dette seier lova

Dette står det om i arbeidsmiljøloven:

 

Kva kan du gjere dersom bedrifta ikkje følgjer lova?

  • Snakk med fagleg leiar, instruktør eller sjefen
  • Snakk med opplæringskontoret dersom lærebedrifta di er medlem av eit opplæringskontor
  • Hjelper ikkje dette? Snakk med fagopplæringskontoret 
  • Ved alvorlege brot på arbeidsmiljøloven kan du tipse arbeidstilsynet 

Ofte stilte spørsmål

Kva er vanleg løn for lærling?
Svar: Lærlingløn varierer frå fag til fag, og frå bedrift til bedrift. Dei fleste lærlingar får ei årsløn som ferdig utlært fagarbeidar fordelt på to år.

Kan eg tene meir som vaksen lærling?
Svar: Uavhengig av alder har du moglegheit til å forhandle om løn før du skriv under på arbeidsavtalen. Dersom du har hatt liknande arbeid før, eller har eit anna fagbrev kan det trekke opp løna.

Sjekk kva som står i din arbeidsavtale. Det er vanleg at lærlingløna vert fordelt som prosent av fagarbeidarløn: 30 % første halvår, 40 % andre halvår, 50% tredje halvår og 80 % siste halvår.

Kor mykje overtid kan sjefen pålegge meg som lærling?
Svar: Det er same grenser for overtid for lærlingar som for andre tilsette.

Kan eg få bestemme sjølv når eg skal ha ferie?
Svar: Du må søke til sjefen din om å få ferie. Det er sjefen som bestemmer kven som har ferie når.

Eg er under 18 år. Er det eigne reglar som gjeld for meg som lærling?
Svar: Som tilsett under 18 år har du krav på 30 min pause når arbeidsdagen er lengre enn 4,5 time. Er du under 18 år, skal du ikkje jobbe meir enn 8 timar i døgnet og over 40 timar i veka. Lærlingar under 18 år kan ikkje arbeide overtid. Du skal ha fri mellom kl. 23-06.

Du kan lese meir på arbeidstilsynet sine nettsider om kva som gjeld dersom du er under 18 år.

Kva er ei fagforeining?
Svar: Det er mange fagforeiningar i Noreg. Det er frivillig å melde seg inn i ei fagforeining, og det kostar noko å vera medlem. Dersom du er medlem i ei fagforeining kan du få hjelp til spørsmål knytt til løn og arbeidstid. Det kan vera lurt å vera medlem av ei fagforeining dersom det dukkar opp mange slike spørsmål. Du kan sjekke om det finnes ei fagforeining på jobben din. Fleire fagforeiningar har gode tilbod til lærlingar som vil melde seg inn.

Elev- og lærlingombod
Profilbilde av Sigrid Isdal
Profilbilde av Kontakt fagopplæringskontoret
Kontakt fagopplæringskontoret
55 23 99 00