Få hjelp!
Er det noko anna elev- og lærlingombodet kan hjelpe deg med?
Gå til forsida til elev- og lærlingombodetGjennom året skal du få tilbakemeldingar som hjelper deg å lære. Karakterane du får skal vise kor godt du har nådd måla i faget. Du har rett til å klage på alle karakterar som kjem på vitnemålet.
Læraren skal gi deg tilbakemeldingar slik at du får vite kva du kan og kva du treng å lære meir om.
Karakterane skal vise kor godt du har nådd kompetansemåla i faget. Kompetansemåla finn du i dei ulike læreplanane på Utdanningsdirektoratet si nettside.
Læraren har ikkje lov å trekke inn fråvær, orden, åtferd, eller dine føresetnader når han eller ho set karakterar i eit fag.
Standpunktkarakter og eksamenskarakter
Når du er ferdig med eit fag, får du ein standpunktkarakter. Standpunktkarakteren skal bygge på eit bredt grunnlag, og skal vise kva du kan i faget. Prøver og oppgåver du har hatt gjennom heile året kan telle på standpunktkarakteren. Standpunktkarakter og eksamenskarakter kjem på vitnemålet. Desse karakterane kan du klage på.
Kan eg få fritak frå karakterar?
Du kan søke til rektor om å sleppe karakter i desse faga:
Kroppsøving:
- Dersom du får tilrettelagt undervisning i kroppsøving kan du søke om å sleppe karakter. Sjå forskrift til opplæringslova § 3-23. Hugs legeerklæring.
- Dersom det er til skade for deg å ha kroppsøving, kan du søke om å sleppe heile faget. Hugs legeerklæring.
Sidemål: Du kan søke om å sleppe karakter i sidemål dersom:
- Du har tatt ungdomsskulen eller delar av vgs i utlandet
- Har hatt særskild språkopplæring på ungdomsskulen og vgs
- Har dysleksi eller andre problem som gjer det vanskeleg å lære sidemål. Hugs rapport frå PPT.
Klage på karakterar
Når du klagar på ein karakter kan karakteren gå opp, blir ståande eller går ned.
- Du har 10 dagars klagefrist på standpunkt og eksamenskarakterar
- Be om ei grunngjeving dersom du lurer på om du skal klage eller ikkje
- Dersom du bestemmer deg for å klage, sender du denne til skulen
Ofte stilte spørsmål
Eg føler at læraren ikkje likar meg. No har eg fått ein dårleg standpunktkarakter. Kva bør eg gjere?
Svar: Læraren skal vurdere deg rettferdig. Be om ei grunngjeving for karakteren du har fått. Du kan klage om du meiner at læraren har behandla deg urettferdig. Ta gjerne ein prat med rektor også.
Eg har eksamen i dag, men har blitt sjuk. Kva skjer no?
Svar: Du må til legen og få legeerklæring med ein gong. Du må få levert legeerklæringa til skulen i dag. Du kan melde deg opp til utsatt eksamen om eit år.
Har læraren lov å nemne min karakter høgt i klassen?
Svar: Lærar har teieplikt og har ikkje lov å sei noko om dine karakterar til andre. Her kan du lese meir om lærar si teieplikt.
Dette seier lova
Reglane om karakterar og eksamen: Forskrift til opplæringsloven § 3
Karakterar i fag: Forskrift til opplæringslova § 3-3
Vurdering undervegs: Forskrift til opplæringslova § 3-11
Standpunktkarakter: Forskrift til opplæringslova § 3-18
Varsel: Forskrift til opplæringslova § 3-7
Rett til å klage på karakterar: Forskrift til opplæringslova kap. 5.