Inneklima og plass

Som elev har du krav på frisk luft i klasserommet og nok plass både inne og ute. Dette skal sikre at du har det bra, både inne og ute.

Plass

  • Klasserommet skal vera minst 2 kvadratmeter pr. elev
  • Arbeidsplassen din skal passe til kor høg/lav du er og om du har spesielle behov
  • Det skal vera mogleg å både vera aktiv og å kvila inne og ute på skulen

Toalett og reinhald

  • Skulen skal ha ein plan for korleis det vert gjort reint
  • Det skal vera minst eit toalett per. 20. elev

Inneklima på skulen

  • Lufta skal vera frisk og behageleg
  • Temperaturen bør ligge mellom 19 -26 grader
  • Det skal vera godt lys over pulten din, minst 300 lux

Her kan du lese meir om Helsedirektoratet sine anbefalingar for eit godt fysisk skulemiljø

Slik kan du ta opp problem med skulemiljøet

Det er rektor sitt ansvar å sørge for eit godt skulemiljø. Du, eller tillitseleven i klassen, kan ta opp med rektor om det er noko som ikkje fungerer slik det skal. Rektor skal gi eit godt svar. Skriv gjerne eit brev med så mange fakta som mogleg.

Dersom de/klassen har klaga til rektor utan at problemet er løyst, kan de sende klage vidare til Fylkesmannen.

Dette seier lova

Ofte stilte spørsmål

Det er dårleg luft i klasserommet. Kva kan eg gjere?
Svar: Du kan snakke med klassen. Kanskje tillitselev kan ta dette opp med rektor? Rektor bør få målt luftkvaliteten i klasserommet. Send gjerne ein skriftleg klage til rektor. Dersom rektor ikkje gjer noko kan du /de klage til Fylkesmannen.

Kor kaldt kan det vera i eit klasserom?
Svar: Det bør ikkje vera kaldare enn 19 grader i klasserommet. Mål temperaturen og skriv klage til rektor om det er for kaldt. Det er rektor sitt ansvar å finne ei løysing slik at de får undervisning i eit rom som er passe varmt.

Elev- og lærlingombod
Profilbilde av Sigrid Isdal