Du har rett på gratis undervisning

Du skal sleppe å betale for skuleturar eller skulebøker. Les og kva du rett på å få dekka om du går på privat skule.

Undervisninga på skulen din skal vera gratis. Du skal sleppe å betale for skuleturar eller skulebøker. Dersom klassen din skal på museum eller teater, skal skulen betale både inngangsbillett og reise.

Skulen skal låne deg lærebøker gratis. Du må regne med å erstatte lærebøker dersom dei blir borte eller øydelagt. Dersom du skal på skuletur med overnatting, skal turen vera gratis for deg. Du må regne med å betale for maten på turen. Klassen kan også ha innsamling for å skaffe pengar til skuletur eller eit godt føremål. Innsamlinga skal vera frivillig.

Går du på privat skule?

På private skular betalar du 15 prosent av utgiftene for skuleplassen som skulepengar. Skulen kan også krevje inntil 4500 kr per år for dekking av husleige. Du skal likevel ikkje betale noko ekstra for opplæring eller lærebøker.

Dette seier lova

Ofte stilte spørsmål

Har skulen lov å tvinge meg til å samle inn pengar til eit godt føremål.
Svar: Skulen kan arrangere frivillig innsamling til eit godt føremål. Elevar som ikkje kan eller ikkje vil delta i innsamlinga, skal ha eit anna opplegg i timane.

Eg må sjølv betale for ski-kurs. Er det riktig?
Svar: Dersom skulen har ski-kurs som ein del av undervisninga, skal dette vera gratis for deg. Skulen kan ha frivillig innsamling for å få pengar til kurset.

Nokon stal boka mi. Er det rett at det er eg som må erstatte den?
Svar: Dersom du har vore uforsiktig med boka slik at den har vorte stolen, må du betale for ny bok. Dersom boka eksempelvis var låst inne på skulen, i skulen sitt skap, må skulen dekke utgifter til ny bok.

Eg var uheldig og øydela skule-PC. Må eg betale?
Svar: Sjekk kva som står i PC-kontrakten med skulen. Mest sannsynleg må du betale for reperasjon eller ny PC dersom du ikkje har vore forsiktig. Sjekk om du/de har innbuforsikring som dekker dette heime.

Elev- og lærlingombod
Profilbilde av Sigrid Isdal