Du har krav på god undervisning

Læraren må tenke på kva du kan frå før, og korleis du lærer best.

Du har krav på god undervisning, og at undervisninga skal passe deg. Læraren må tenke på kva du kan frå før, og korleis du lærer best.  Nivået og måten de arbeider på må passe til deg og dei andre elvane i klassen. Fortel læraren korleis du lærer best. Bruk elevsamtalen.

Eksempel på ulike måtar å lære på:

  • Lærer forklarer
  • Arbeide i gruppe
  • Løyse oppgåver åleine
  • Sjå film
  • Gjennomføre øvingar og aktivitetar
  • Lese
  • Diskutere

Kanskje treng du også enklare eller vanskelegare oppgåver? 

Ver aktiv i timen

Som elev må du møte opp og delta aktivt i timen. Du skal følgje beskjed frå lærar og gjere ditt beste for å vera aktiv, både munnleg og skriftleg.

Dette seier lova

Dette står i opplæringslova: "Opplæringa skal vera tilpassa evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven." 

Les heile paragrafen her: Opplæringslova § 1-3  

Dette står i forskrifta til opplæringslova: "Eleven skal møte fram og delta aktivt i opplæringa slik at læraren og instruktøren får grunnlag til å vurdere eleven, lærlingen, praksisbrevkandidaten og lærekandidaten sin kompetanse i faget." 

Les heile paragrafen her: Forskrift til opplæringslova  3-3  

Ofte stilte spørsmål om undervisning og lærarar

Kva gjer eg når læraren ikkje duger? 
Svar: Om klassen har ein lærar som ikkje gjer jobben sin, bør de ta opp saken. Kan du få med deg tillitselev for klassen og ta ein prat med læraren? Det er ofte betre for læraren å få høyre kva det gjeld direkte frå elevane. Då har lærar også ein moglegheit til å forbetre seg.

Dersom dette ikkje hjelper bør de ta saken opp med elevinspektør, avdelingsleiar eller rektor. I alvorlege tilfelle bør de skrive eit brev til rektor. Det er lurt å få med fleire elevar og foreldre i klassen.

Kva skal rektor gjere om han får inn ei klage på ein lærar?
Svar: Rektor må snakke med både elevane og læraren. Rektor har ikkje lov å fortelje elevane kva han/ho gjer med læraren etter dette. Dette er fordi rektor har teieplikt når det gjeld personalsaker.

Vanlege tiltak som kan setjast i gong for lærar er:

  • Rettleiing
  • Kurs
  • Assistent i timen
  • Observasjon frå leiargruppa
  • Åtvaring
Elev- og lærlingombod
Profilbilde av Sigrid Isdal