Gyldige grunnar til fråvær i vidaregåande skule

Lurar du på kva for skulefråvær som er gyldig eller ikkje? Og kva for fråvær som kjem på vitnemålet? Elev- og lærlingombodet kan hjelpe!

For at læraren skal kunne setje karakter, må du ha deltatt i timane, tatt prøver og levert oppgåver. Du skal få eit varsel dersom læraren har for lite grunnlag for å setje karakter. Då kan du komme med forslag til læraren om å ta ein prøve eller levere ei ekstra oppgåve.

Dersom det udokumenterte fråværet i eit fag er over 10 prosent for heile året, har ikkje læraren lov å setje standpunktkarakter. Då må du få varsel i god tid.

For å få standpunktkarakter, må du ha under 10 prosent udokumentert fråvær i kvart fag for heile skuleåret. Du kan få papir på gyldig fråvær.

Gyldige grunnar til å vera borte frå undervisninga

  • Religiøs høgtid: Religiøse høgtider i andre trussamfunn enn den norske kyrkje. Du kan slette maksimalt to dagar. Dokumentasjon: Stadfesting eller uttale frå trussamfunnet.
  • Helsegrunnar: Sjukdom, legetime, tannlegetime, psykologtime/BUP, fysioterapitime, time hos skulehelsetenesta. Dokumentasjon: Uttale frå lege, tannlege, psykolog, fysioterapeut etc. Det er ikkje nok med ei melding frå foreldre. Dersom du er kronisk sjuk, som for eksempel migrene, kan du bruke ein generell legeerklæring i kombinasjon med melding frå foreldre eller deg sjølv om du er over 18 år.
  • Velferdsgrunnar: Passe sjukt barn, gravferd, dåp, bryllaup. Dokumentasjon: Melding frå foreldre eller deg sjølv om du er over 18 år.
  • Arbeid som tillitsvalt, politikar eller hjelpearbeidar: Arbeid som tillitsvalt i fagforeining, arbeid i ungdomsparti, ungdomsråd, arbeid for elevorganisasjonen eller frivillig organisasjon. Dokumentasjon: Dokumentasjon frå organisasjonen.
  • Idretts- eller kulturarrangement på nasjonalt eller internasjonalt nivå: NM, EM, VM og andre nasjonale meisterskap. Kulturelle arrangement på nasjonalt eller internasjonalt nivå. Dokumentasjon: Stadfesting frå arrangementskomiteen at du er deltakar.

Kva fråvær kjem på vitnemålet?

Alt fråvær kjem på vitnemålet ditt. Kvart år kan du få sletta 10 dagars fråvær. Då må du har papir på at fråværet er ein av dei gyldige grunnane. Sjukefråvær slettast berre frå vitnemålet frå og med sjukedag nr. 4. Dersom du har vore mykje borte kan du legge ved papir på kvifor du har vore borte saman med vitnemålet.

Dette seier lova

Elev- og lærlingombodet
Profilbilde av Sigrid Isdal