Hjelp i samband med fag- eller sveineprøven

Treng du tilrettelegging eller vil klage på fag-  eller sveineprøven? Elev- og lærlingombodet kan hjelpe deg.

Er du meldt opp til fag- eller sveineprøve?

Det er lærebedrifta eller opplæringskontoret sitt ansvar å melde deg opp i god tid. Det er fagopplæringskontoret ved Hordaland fylkeskommune som skal behandle oppmeldinga.

Er du godt nok førebudd?

Lærebedrifta har ansvar for å gi deg opplæring i høve til måla i læreplanen, som er det du blir prøvd i til fag-sveineprøven. Gå gjennom læreplanen  i faget ditt og sjekk at alt er på plass. Som lærling skal du vera aktiv, stille spørsmål og ta notatar undervegs. Du kan be om tid til å førebu deg til fag-sveineprøven i arbeidstida. Det er ingen regler for kor mykje tid du har krav på.

Treng du tilrettelegging?

Du kan få tilrettelegging på fag- eller sveineprøven dersom du har språkvanskar, sjukdom eller skade som kan skape problem undervegs. Få lege til å skrive ei legeerklæring og søk om tilrettelegging til fagopplæringskontoret i Hordaland fylkeskommune 

Dette er vanlege former for tilrettelegging:

  • Utvida tid
  • Å få lest opp oppgåva/forklaring av oppgåva
  • Meir bruk av munnleg dokumentasjon eller meir bruk av skriftleg dokumentasjon
  • Døvetolk


Slik klagar du på  fag- eller sveineprøva

Dersom du har fått «ikkje bestått» på fag- eller sveineprøven, kan du klage på vurderinga du har fått. Du kan også klage på formelle feil som skjedde undervegs då du hadde prøven. Klagefrist er 3. veker. Dersom du stryk, er det mogleg å ta fag-sveineprøven på nytt. Her kan du lese om kva som skjer om du må ta fag-sveineprøven på nytt.

Dette seier lova

Ofte stilte spørsmål

Hjelp, eg har ikkje blitt meldt opp til fagprøven?
Svar: Bedrifta (eller opplæringskontoret) har ansvaret for å melde deg opp til fagprøven i god tid før læretida er over. Dersom bedrifta ikkje har gjort dette kan du ta kontakt med fagopplæringskontoret ved Hordaland fylkeskommune  

Eg hadde ikkje utstyret eg trengte til fagprøven og fekk «ikkje bestått».
Svar: Bedrifta skal sørgje for at du har nødvendig utstyr til å løyse oppgåvene på fag- eller sveineprøven. Gav du beskjed om at viktig utstyr mangla undervegs? Dersom du ikkje fekk utstyret som var nødvendig for å løyse oppgåva, kan dette vera ein formell feil.

Dersom du klagar og får medhald, vil du kunne ta fagprøven på nytt så snart som mogleg.

Elev- og lærlingombod
Profilbilde av Sigrid Isdal
Profilbilde av Kontakt fagopplæringskontoret
Kontakt fagopplæringskontoret
55 23 99 00