Du skal bli behandla skikkeleg på jobb

Som lærling skal du bli behandla like bra som andre tilsette i bedrifta. Du skal ha eit godt miljø på jobb, slik at du lærer det du skal og får gjort jobben din. Truslar, trakassering og diskriminering er ikkje lov. Dersom du blir dårleg behandla på jobb, kan dette føre til psykiske problem og at du utfører ein dårlegare jobb.

Dette er trakassering

  • Du opplever at nokon på jobb gjer noko du ikkje ønskjer, og har til hensikt å krenke deg
  • Nokon fleiper med deg på ein måte som du du du ikkje likar, og dette skjer fleire gongar
  • Nokon snakkar nedlatande om kva du kan
  • Nokon kjem med seksuelle kommentarar og kommenterer kroppen din
  • Nokon tar på kroppen din utan at du ønskjer det

Her kan du lese meir om trakassering 

Dette er diskriminering

  • Du vert behandla ulikt dei andre på jobb på grunn av den du er eller det du står for
  • Nokon kjem med nedlatande kommentarar om din seksuelle legning, kvar du kjem frå eller kva du trur på
  • Du får færre moglegheiter enn andre på jobb grunna helseproblem eller graviditet
  • Du mister læreplassen din grunna utfordringar med helsa, utan at sjefen har prøvd å legge til rette for deg

På likestillings- og diskrimineringsombodet si nettside kan du lese meir om diskriminering 

Slik kan du gå fram dersom du blir behandla dårleg på jobb

  • Snakk med sjefen. Det er sjefen sitt ansvar å stoppe åtferd som ikkje er akseptabel
  • Er lærebedrifta medlem av eit opplæringskontor? Opplæringskontoret skal hjelpe både deg og lærebedrifta. Snakk med opplæringskontoret
  • Dersom ikkje sjefen klarer å stoppe dårleg åtferd i bedrifta, kan du vurdere å byte læreplass
  • Hjelper det ikkje å snakke med sjefen eller opplæringskontoret? Du kan alltid ta kontakt med fagopplæringskontoret
  • Fagopplæringskontoret skal følge opp både deg og lærebedrifta, og kan komme på bedriftsbesøk.

Dette seier lova

Dette står i opplæringslova

Lærebedrifta skal møte lærlingane med tillit, respekt og krav, og gi lærlingane utfordringar som fremmar danning og lærelyst. Alle former for diskriminering skal motarbeidast. Dette står i opplæringslova § 1-1 

Lærebedrifta skal skape eit godt arbeids- og læremiljø. Dette står det om i opplæringslova § 4-4.

Dette står i arbeidsmiljøloven

Arbeidstakarar skal ikkje bli utsatt for trakassering eller anna utilbørleg åtferd. Arbeidstakarar skal så langt det er mogleg blir beskytta mot vald, truslar og uheldige belastningar som følgje av kontakt med andre. Du kan lese meir i arbeidsmiljøloven  4-3.

Ofte stilte spørsmål

Kva kan eg gjere dersom sjefen behandlar meg på ein dårleg måte?
Svar: Det beste er å ta ein prat med sjefen. Det er fint om du kan fortelje litt om korleis du opplever det som skjer på ein sakleg måte. Kan du også fortelje noko om kva du treng for å bli ein betre lærling? Du kan eksempelvis sei: «Det er viktig for meg at du fortel meg kva eg gjer bra, slik at eg veit kva eg skal fortsette med». Eller «Eg lærer best om du kan forklare meg på ein rolig måte».

Eg tørr ikkje fortelje til nokon at eg ikkje blir behandla bra på jobb. Kva gjer eg?
Svar: Det er viktig at du har nokon å prate med ang din situasjon. Du kan gjerne ringe meg (elev- og lærlingombodet) på tlf: 404 03 145. Du treng ikkje fortelje meg kva du heiter eller kor du jobbar. Eg har teieplikt.

Eg har ein kollega som kallar meg stygge ting. Skal eg finne meg i dette?
Svar: På arbeid skal ingen snakke nedlatande om kven du er, legningen din, kor du kjem frå eller kva du trur på. Dersom du opplever dette bør du melde frå til sjefen. Sjefen plikter å ta tak i slike problemstillingar og setje i gong tiltak.

Elev- og lærlingombodet
Profilbilde av Sigrid Isdal
Profilbilde av Kontakt fagopplæringskontoret
Kontakt fagopplæringskontoret
55 23 99 00