Lærlingar har rett på god opplæring

Du har rett på god opplæring som lærling. Gjennom læretida skal du jobbe med alle måla i læreplanen i faget ditt. Då vil du vera godt førebudd på fag- eller sveineprøva.

Kva skal du lære?

Som lærling skal du lære alt som står i læreplanen i faget ditt. Sjekk lista over kompetansemål i ditt fag.

Her kan du søke opp læreplanen i ditt fag

Du skal ha eit godt læremiljø i di lærebedrift. Det vil sei at det skal vera lett å lære og du skal ha tilgang på fagfolk som kan hjelpe deg og gi deg opplæring.

Dette kan du forvente av opplæringa i bedrifta

  • Arbeidsoppgåver som passar til faget ditt
  • Intern opplæringsplan som viser kva du skal lære, når, og kven du skal få opplæring av
  • Tilbakemelding undervegs på kva du gjer bra, og kva du bør gjere betre
  • Samtale kvart halvår om korleis du ligg an som lærling og kva de bør arbeide meir med framover.
  • Hjelp når du treng det
  • Tid til å skrive logg, notere eller løyse oppgåver i arbeidstida

Dette er forventa av deg som lærling

  • At du gjer jobben så godt du kan
  • At du stiller faglege spørsmål
  • At du gir tilbakemelding dersom du ikkje forstår ei oppgåve
  • At du skriv opp det du lærer i notater eller med biletlogg

Kva skal du gjere om du ikkje lærer det du skal?

  • Snakk med instruktøren din, fagleg leiar eller sjefen
  • Dersom bedrifta di er medlem av eit opplæringskontor, bør du snakke med dei

Hjelper ikkje dette kan du ta kontakt med ein saksbehandlar på fagopplæringskontoret i Hordaland fylkeskommune.

Dette seier lova

  • Lærebedrifta plikter å leggje til rette produksjonen og opplæringa slik at lærlingen kan nå måla i læreplanen
  • Lærebedrifta skal utvikle ein intern plan for opplæringa, for å sikre at lærlingen får ei opplæring som tilfredsstiller krava i læreplanen
  • Lærebedrifta skal skape eit god arbeids- og læringsmiljø. Dette står i opplæringslova § 4-4
  • Lærlingen har minst ein gong i halvåret rett til ein samtale med instruktør i høve til utviklinga si når det gjeld kompetansemåla i faget. Dette står i forskrifta til opplæringslova § 3-11 tredje ledd 

Ofte stilte spørsmål

Eg har dei same arbeidsoppgåvene heile tida. Korleis kan eg då lære det eg skal?
Svar: For at du skal vera best mogleg førebudd til fagprøven, må du gjennom mange ulike arbeidsoppgåver. Kan du og din faglege leiar (den som har signert på lærekontrakten din) gå gjennom den interne planen din for opplæring? Er det interessante oppgåver i bedrifta som du kan tilby deg å løyse? Kan du arbeide saman med andre kollegaer for å lære meir? Dersom det ikkje blir betre etter at du har snakka med fagleg leiar kan du kontakte fagopplæringskontoret i Hordaland

Kor mykje rettleiing/hjelp har eg krav på?
Svar: Du har krav på jamleg tilbakemelding. Det er ingen reglar for kor ofte du skal ha tilbakemelding. Nokre bedrifter set av tid kvar veke, andre får tilbakemelding gjennom arbeidsdagane. Det er viktig at din instruktør ser deg arbeide og at du får anledning til å stille spørsmål når du treng det. Kvart halve år skal du ha ein halvårssamtale.

Bedrifta eg arbeider i har ikkje oppgåver som dekker heile faget mitt?
Svar: Det er eit krav for å bli godkjent lærebedrift at bedrifta kan gi deg opplæring i høve til alle måla i læreplanen. Dersom dette skulle endre seg medan du er lærling, er det bedrifta sitt ansvar å sørgje for at du lærer det du skal. Dersom bedrifta er medlem av eit opplæringskontor  , kan desse også hjelpe. Kanskje kan du få eit kurs eller bli utplassert i anna bedrift i ein periode.

Eg arbeider på kvelden med å løyse arbeidsrelaterte oppgåver. Er det rett?
Svar: All tida du bruker på å lære faget ditt skal gå føre seg i arbeidstida. Du bør få noko tid kvar veke til å ta notatar, løyse oppgåver og skrive logg. Det er ingen reglar for kor mykje tid du har krav på. Dette vil variere frå fag til fag. Du bør be om ei fast tid til å løyse oppgåver kvar veke. Det skal ikkje vera nødvendig å gjere dette utanom arbeidstida.

Eg tar opp fag. Har eg rett på fri frå jobben når eg har undervisning?
Svar: Dersom det er fag du tidligare har fått stryk på har du ikkje rett til å få fri. Forklar situasjonen for din leiar, og spør om ei løysing som kanskje kan fungere. Eksempelvis om du kan arbeide ekstra ein annan dag og få avspasere når du har undervisning.

Har eg lov å arbeide åleine?
Svar: Som lærling skal du i tillegg til å få opplæring og lære om faget, også produsere for bedrifta (verdiskaping). Det er eksempelvis ok at du løyser oppgåver åleine eller arbeider med kundar/brukarar åleine dersom du har fått nødvendig opplæring. Dersom det oppstår problem bør du alltid ha nokon å spørje. Du bør også ha tid saman med din instruktør slik at du får tilbakemeldingar på arbeidet ditt. Du bør difor ikkje arbeide åleine heile tida.

Eg har dysleksi. Har eg krav på ekstra oppfølging i læretida?
Svar: Du har rett til å få hjelp frå pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)  også når du er lærling. PPT kan finne ut kva du slit med og gi både deg og lærebedrifta råd om korleis bedrifta kan hjelpe deg best mogleg.

Elev- og lærlingombodet
Profilbilde av Sigrid Isdal
Profilbilde av Kontakt fagopplæringskontoret
Kontakt fagopplæringskontoret
55 23 99 00