Elev- og lærlingombodet

Eg har teieplikt. Det vil seie at eg ikkje går vidare med noko med mindre du sjølv vil det.

Send e-post

Eg er Sigrid Isdal, elev- og lærlingombod i Hordaland. Eg jobbar for at du som er elev, lærling eller lærekandidat får oppfylt dine rettar.

Hjå meg kan du få råd, rettleiing og støtte. Eg kan følgje opp di sak og vere med på å kvalitetssikre opplæringa i skule og bedrift.

Eg skal og vere ein pådrivar for at dei som jobbar med vidaregåande opplæring oppfyller pliktene dei har etter opplæringslova.

Du kan trygt snakke med meg. Eg har teieplikt, det vil seie at eg ikkje går vidare med det du fortel meg, men mindre du sjølv ønskjer det.

Kontakt

Du kan ta kontakt med meg på mange ulike måtar. Eg vil helst snakke med deg, for det er ikkje så lurt å sende sensitiv informasjon på e-post eller sosiale media.

Om du ikkje vil ringe til meg, kan du sende meg telefonnummeret ditt på for eksempel SMS, e-post eller messenger, så kan eg ringe deg.


SMS/mobil: 404 03145
E-post: sigrid.isdal@hfk.no
facebook.com/elevoglarlingombodet
Snapchat: elombud

Besøksadressa mi er Agnes Mowinckels gate 5. Eg jobbar stort sett mellom klokka 08.30 og 15.30. Får du ikkje tak i meg med ein gong, kjem eg tilbake til deg så snart eg kan!

Kva lurar du på?

Er du elev eller lærling og lurar på ......