Odontofobi

Har du angst for tannbehandling? Vi kan hjelpe deg!

Kva gjer vi?

Senter for odontofobi (SFO) skal ta i mot born, ungdom og vaksne med angst for tannbehandling eller sprøyteskrekk (odontofobi blir populært kalt tannlegeskrekk). Senteret tilbyr også tilrettelagt tannbehandlingstilbud til pasientar som er utsette for overgrep og tortur (TOO). Ved SFO driv vi òg med forsking innafor dette fagområdet. For tida tek vi i mot pasientar frå heile Hordaland, mens pasientar i nærleiken av Stord og Norheimsund kan ta direkte kontakt med odontofobiteam på staden. 

Behandlinga er gratis for born og ungdom som bur i Hordaland fylke, og for vaksne pasientar som blir diagnostisert med odontofobi, og som kjem inn under gjeldande trygdelov . 

Kontakt

Senter for odontofobi, Bergen: 55 33 76 00

Ekspedisjon spesialisttannklinikk ved TkVest/Hordaland (Bergen): 55 33 76 00, TKV.Hord@hfk.no  

Vaksne kan kontakte SFO direkte, eller via tilvising frå tannlege/lege. Du må rekne med at det er noko ventetid.

Lokale TOO-team (torturoffer, overgrepsoffer og personer med odontofobi) i Hordaland:

 

Kva er målet med angstbehandlinga?

Målet for behandlinga ved SFO er å få redusert angst for tannbehandling/sprøyte, slik at det er mogeleg å få gjennomført regulær tannbehandling hos din eigen tannlege.

Kva består behandlinga av?

Ein kartleggingssamtale med psykolog og ca. 5 behandlingstimar hos tannlege. 

All behandling startar med ein samtale med psykolog der vi kartlegg problema dine knytt til angst for tannbehandling, og der vi kjem med forslag om eit behandlingsopplegg. Samtalen med psykolog tek vanlegvis ca. 1 time. Før samtalen vil du også bli beden om å fylle ut nokre spørjeskjema. Samtalen skjer i eit vanleg rom utan tannlegeutstyr.

Første time av angstbehandling hos tannlege startar vanlegvis veka etter samtalen med psykolog. Behandlinga skjer gradvis ved at behandlarane forklarer, demonstrerer og utfører deler av angstbehandlinga og tannbehandling i små ”porsjonar”, slik at du som pasient har kontroll med kva som skjer. 

Ved å samarbeide med deg, ønskjer vi å redusere tannbehandlingsangsten din. Vi vil deretter hjelpe deg med å finne ein tannlege som du kan gå til etter at behandlinga hos oss er avslutta, dersom du ikkje allereie har fast tannlege. 

Som eit ledd i kvalitetssikringa, vil vi på SFO ta kontakt med deg ca. eit år etter avslutta behandling, for å høyre korleis du synest det er å gå til tannlege.

Tilvising til Senter for odontofobi

Tilvisinga må innehalde:

  • Pasienten sitt navn, adresse, telefonnummer, og fødselsnummer
  • Relevante kliniske og sjukehistoriske opplysningar
  • Klinisk diagnostisk problemstilling
  • Opplysningar om evt. trygdefrefusjon

For private tannlegar

Fullstendig tilvising kan sendast til:
Tannhelsetenesta kompetansesenter Vest/Hordaland
Postboks 2354 Møllendal
5867 Bergen

For tilsette i tannhelsetenesta

Tilvising kan sendast som e-post med journalnummer på pasient, med ei  kort problemstilling til:

TKV.Hord@hfk.no

I Opus lagar tilvisande tannlege klar fullstendig tilvising.  

psykolog
Profilbilde av Margrethe Elin Vika
Margrethe Elin Vika
98907226
psykolog
Profilbilde av Therese Thornton Sjursen
Therese Thornton Sjursen
98907224
psykologspesialist
Profilbilde av Christel Wootton
Christel Wootton
98907227
tannhelsesekretær
Profilbilde av Anne Karin Haga
Anne Karin Haga
98907462
tannlegespesialist
Profilbilde av Karin Goplerud Berge
Karin Goplerud Berge
98907237
Spesialtannlege
Profilbilde av Rim Radhi
Rim Radhi
98907464
spesialtannlege
Profilbilde av Jana Ingebrigtsen
Jana Ingebrigtsen
98907458
tannlege
Profilbilde av Regina Skavhellen Aarvik
Regina Skavhellen Aarvik
98907470
tannpleiar
Profilbilde av Eline Kronstad Wathle
Eline Kronstad Wathle
98907463
tannpleiar
Profilbilde av Quynh Nhu Thi Ruud
Quynh Nhu Thi Ruud
98907465
tannhelsesekretær
Profilbilde av Ann Helen Lid
Ann Helen Lid
98907442
tannhelsesekretær
Profilbilde av Linn Therese Nystad
Linn Therese Nystad
98907459