Leppe-, kjeve- og ganespalte

Kjeveortopedisk behandling av leppe-, kjeve-, ganespalte

Kva er leppe-, kjeve-, ganespalte?

Leppe-, kjeve-, ganespalte er ein fellesbetegnelse på den vanlegaste medfødde anatomiske misdanninga i hovud-hals regionen. Denne misdanninga kan påverke ei rekkje vesentlege funksjonar som pusting, høyrsel, tyggefunksjon, tale og estetikk. Ubehandla vil ein pasient med spalte kunne få eit handikap som i stor grad kan påverka funksjon og livskvalitet.

Spalte oppstår tidlig i fosterlivet ved at ansiktet sine forskjellige deler ikkje veks saman. Dette medfører utvikling av 3 undergrupper av spalter. Enten berre spalte i leppa, berre spalte i ganen, eller at spalta er samanhengande frå leppa, over kjevekam og heilt bak til og med den blaute gane.

I Norge er førekomsten omtrent 2 av 1000 fødslar. Dette gjev mellom 100 og 130 nye tilfelle kvart år.

Behandling

Behandlinga av barna er eit tverrfagleg samarbeid av forskjellige spesialistar som bidreg i meir eller mindre grad. Dei viktigaste profesjonane er plastisk kirurgar og spesialistar innan øyre-nase-hals, spesialistar innan logopedi/taletrening, og tannlegar som er spesialiserte innan tannregulering (kjeveortopedi). Det er to slike tverrfaglige grupper i Norge, ei i Oslo og ei i Bergen.

I Bergen er dei involverte behandlarane lokaliserte på tre stader:

På Haukeland universitetssjukehus, Kompetansesenter for taletrening vest på Paradis og ved Tannhelsetenesta kompetansesenter Vest/Hordaland. Alle barn med medfødd spalte og foreldre møter spesialistar i behandlingsteamet på informasjonsmøte i første levemånad. Dette er eit viktig møte for alle partar. Då blir foreldre informerte om kva ei spalte er, og hovudtrekka av kva barnet deira vil oppleve av behandling. Det er også viktig for behandlarar å bli kjende med barnet og foreldra, for å danne seg eit bilete av omfanget av spalta.

Spaltestorleik og alvorlegheit kan variere mykje. Heilt frå ein relativt uproblematisk spalta drøvel, til ei meir alvorleg spalte som kan strekkje seg frå leppa, gjennom tannbogen og kan dele den harde og blaute gane i to separerte deler. Storleik og alvorlegheit bestemmer behov for behandling, og det må difor alltid lagast ein individuell behandlingsplan.

Kjeveortopedane si rolle i teamet er å behandle tenner og kjeve. Dersom det blir registrert ei utvikling av eit avvik, må behandling startast på rett tidspunkt. Tidlig behandling skal freista å påverke vekst og utvikling av tenner, bitt, kjeve og ansikt. Behandlinga kan vere med plate eller strenger som vert limt fast til tenner i ein periode. Noko av behandling vil bli utført her i Bergen, og noko kan gjerast på heimstad. Kjeveortopeden skal og koordinere behandlinga hjå dei andre i teamet, samt halde kontakt med lokal tannpleiar, tannlege og kjeveortoped. Når det er ei spalte som går gjennom tannbogen, må kjeveortopeden også leggje forholda til rette for innlegging av bein. I dag vert dette beinet henta frå hofta og lagt til tannbogen. Dette vert gjort når barnet er mellom 7 og 11 år gamalt.

Vi ynskjer eit så godt behandlingsresultat som mogeleg. Det kan være noko tidkrevjande å oppnå dette, men kvalitetsvurderingar har konkludert at behandling som vert gjort i Norge er av høg internasjonal standard.

Viss det er noko som er uklart eller som de ynskjer svar på, er de hjarteleg velkomne på klinikken eller til å ta ein telefon.

Tilvising til leppe-, kjeve-, ganespalte

Tilvisinga må innehalde:

  • Pasienten sitt navn, adresse, telefonnummer, og fødselsnummer
  • Relevante kliniske og anamnestiske opplysningar
  • Klinisk diagnostisk problemstilling
  • Opplysningar om evt. trygdefrefusjon

For private tannlegar

Fullstendig tilvising kan sendast til:

Tannhelsetenesta kompetansesenter Vest/Hordaland
Postboks 2354 Møllendal
5867 Bergen

For tilsette i tannhelsetenesta

Tilvising kan sendast som e-post med journalnummer på pasient, med ei kort problemstilling til: TKV.Hord@hfk.no

I Opus lagar henvisande tannlege klar fullstendig tilvising.  

NB! Spaltepasientar kan ta direkte kontakt på telefon 55 58 37 90.  

tannlegespesialist
Profilbilde av Tone Svanhild Klepsland
Tone Svanhild Klepsland
tannlegespesialist
Profilbilde av Helga Elisabeth Bøe
Helga Elisabeth Bøe
55136630
tannhelsesekretær
Profilbilde av Berit Meyer
Berit Meyer