Kjeveortopedi

Ulike behandlingstilbod med tannregulering.

Kva er kjeveortopedi?

Kjeveortopedi er læra om bittavvik, tannstilling og vekst, i tillegg til estetikk og funksjonalitet. Vi er oppteken av både førebygging og behandling.

Ansiktsform, kjevene sitt tilvekstmønster, tannstørrelse og tannform er for det meste arveleg betinga. Miljø kan og spele inn i utviklinga av tannstillingsfeil, som langvarig fingersuging og karies som fører til tidleg tap av mjølketenner.

Det er flest born og unge som vert tilvist til kjeveortoped, men tendensen er aukande når det gjeld behandling av vaksne pasientar. Omlag 30% i eit barnekull har eit kjeveortopedisk behandlingsbehov.

Tannregulering 

Du treng tilvising frå tannlege eller tannpleiar før konsultasjon hjå kjeveortoped kan finne stad.

Ei tilvising i ung alder betyr ikkje alltid ein tidleg behandlingsstart. Våre kjeveortopedar vil følgje opp bittutviking, slik at behandlinga kan startast opp på den optimale biologiske alder for kvar enkelt.

Ved konsultasjon første gong gjer vi nødvendig dokumentasjon i form av røntgenbilder, studiemodellar etc. for å kunne gi ei best mogeleg behandling og i tillegg fastsetje graden av behandlingsbehov.

Med unntak av tilfelle der behovet kun er estetisk, kan du få refusjon frå HELFO. Denne varierer frå 40 % til 100 %. Søskenmoderasjon vert gjeve frå barn nummer to etter særskilte reglar, og om refusjon vert gjeve må behandling starte innan fylte 20 år. Ei kjeveortopedisk behandling tek vanlegvis 1,5 – 2 år, men dette kan variere.

Etter avslutta behandling stabiliserer ein ofte tennene med enten plater eller tynne metalltrådar som vert limt bak tennene i over- og underkjeven sin front.

Fast apparatur (streng)

Platebehandling

Invisalign

 

Takstar /refusjon

For born og ungdom under 20 år dekkjer HELFO deler av behandlinga, avhengig av alvorlighetsgrad, bittfeil og om søsken har hatt eller eller er under kjeveortopedisk behandling.

Gruppe A

100 % refusjon frå offentlege takstar/honorar: for eksempel store bittfeil som krev kirurgisk korreksjon i tillegg til regulering, leppe-ganespalter og born med leddgikt  og medfødte kraniofaciale lidingar.

Gruppe B

75 % refusjon eller 90% ved søsken moderasjon. Store bittfeil for eksempel overbitt >9mm, underbitt, svært djupe bitt, manglande fortenner og hjørnetenner osv.

Gruppe C

40 % refusjon elles 60 % ved søskenmoderasjon, for eksempel  tannstillingsavvik slik som store luker mellom tenner eller tenner som står for tett, moderat djupt bitt og moderat overbitt osv.

Refusjon for vaksne

  • I nokre tilfelle kan vaksne og få stønad til tannregulering frå HELFO. Eksempel :
  • Kjeveortopedisk behandling ved marginal periodontitt (tannkjøttsbetennelse)
  • Preprotetisk kjeveortopedisk behandling i.f.m. tannskade ved godkjent og ikkje godkjent yrkesskade.

Sjå takstar

Tilvisingsrutinar for kjeveortopedi

Pasientar som har behov for spesialistbehandling i kjeveortopedi kan ta kontakt med:

Tannhelsetenesta
kompetansesenter Vest/Hordaland

Telefon: 55 58 37 90

TKV.Hord@hfk.no

tannlegespesialist
Profilbilde av Dorina Sula Thelen
Dorina Sula Thelen
98907235
tannhelsesekretær
Profilbilde av Ann-Katrin Stevnebø
Ann-Katrin Stevnebø
tannlegespesialist
Profilbilde av Inger Øyum
Inger Øyum
55583790
tannhelsesekretær
Profilbilde av May-Lisbeth B Aune
May-Lisbeth B Aune
55583795
tannpleiar
Profilbilde av Eline Kronstad Wathle
Eline Kronstad Wathle
55583689