Kva er kjeve- og ansiktsradiologi?
Kjeve- og ansiktsradiologi er røntgenundersøkelse av tenner, kjever og mellomansikt, og omkringliggjande vev.
Behandling
Spesialist i kjeve- og ansiktsradiologi (radiolog) utgreier ein mistenkt diagnose og kan unngå inngrep der det ikkje er nødvendig. Bilda blir granska av radiolog.
TkVest/Hordaland har tilgang på dentalapparat, panoramarøntgen, 3-D røntgen, cephalostat og CBCT. Radiologiske undersøkingar med CBCT er ofte nyttig i høve der konvensjonelle radiologiske undersøkingar ikkje gir tilstrekkeleg informasjon. Eksempel kan vera visdomstenner, ved mistanke om cyster, tumor, infeksjonstilstandar og ved kjeve- og ansiktsskadar. Stråledosane er tilpassa kjeve- og ansiktsområdet og er lågare enn ved vanleg medisinsk CT. Bildebeskrivelse blir sendt til henvisande tannlege.
Ein kjeve- og ansiktsradiolog tilfører høg diagnostisk kompetanse både til allmenntannlegar og ulike spesialistar i helseregionen. Det kan vera pasientar med tann- og kjeveskader, aggressive kjeveinfeksjonar, ekspansive kjeveprosessar, oral implantatvurdering, spyttkjertel-obstruksjonsproblem, kjeve- og ansiktssmerter knytt til kjevefunksjonsproblem, kjeveutviklingsforstyrringar og ei rekkje andre problemstillingar.
Kontakt
Telefon: 55 33 76 00
Tilvising til kjeve-og ansiktsradiologi
Pasientar som har behov for kjeve-og ansiktsradiologi, kan tilvisast til Tannhelsetenesta kompetansesenter Vest/Hordaland. Vi har ingen ventetid.
Tilvisinga må innehalde:
- pasienten sitt navn, adresse, telefonnummer, og fødselsnummer.
- relevante kliniske og anamnestiske opplysningar
- klinisk diagnostisk problemstilling
- opplysningar om evt. trygdefrefusjon
For private tannlegar
Fullstendig tilvising kan sendast til:
Tannhelsetenesta kompetansesenter Vest/Hordaland
Postboks 2354 Møllendal
5867 Bergen
For tilsette i Tannhelsetenesta
Tilvising kan sendast som e-post med journalnummer på pasient, med ei kort problemstilling til:
TKV.Hord@hfk.no
I Opus lagar tilvisande tannlege klar fullstendig tilvising.