Forsking ved TkVest

Oversikt over forskingsprosjekta ved forskingsavdelinga ved Tannhelsetenesta kompetansesenter Vest/Hordaland.

Forskingsavdelinga ved Tannhelsetenesta kompetansesenter Vest/Hordaland har som mål å drive klinisk, praksisnær odontologisk forsking og tenesteforsking innan tannhelsetenesta. I tillegg til forskarar jobbar det også PhD-studentar og tannlegar under spesialisering ved TkVest/Hordaland.

Forskarane våre rettleier masterstudentar og PhD kandidatar i nært samarbeid med universitetssektoren. Vi ønskjer og å inkludere tannhelsepersonell i kliniske forskingsprosjekt vi har. Det overordna målet vårt er å bringe fram ny kunnskap som skal komme pasientar og befolkinga til gode.

Sjå strategiplan for forsking i TkVest

Forskingsprosjekt

Oral helse hjå juvenil idiopatisk artritt (JIA) - Ein longitudinell studie


1. Prosjekt
Juvenil idiopatisk artritt (JIA) er den vanlegaste førekomande kroniske leddgikttypen i barndommen, og rammar ca 1-2 av 1000 born under 16 år. I Norge i 2009, trengte ca 2.700 barn med diagnosen JIA nødvendig aggressiv behandling og oppfølging. Den orale helsa hjå JIA born synes også å vera påverka. Auka tilfelle av karies, endra spyttsamansetning, og gingivitt har blitt rapportert.

Svært lite er kjent om mange av dei faktorane som blir assosiert med oral helse hjå born med JIA versus friske barn, og forsking er nødvendig for å identifisere dei borna med JIA som har særleg høg risiko for å utvikle orale sjukdomar. Denne studien er ein del av ein større studie i Norge: «NorJIA: Kjeveleddsaffeksjon, oral helse, uveitt, beinhelse og livskvalitet hjå born med juvenil idiopatisk artritt (JIA).

2. Prosjektleiar og prosjektmedarbeidarar
Doktorgradsprosjekt ved:
• PhD-stipendiat Lena Elisabet Cetrelli (lena.cetrelli@tkm-n.no) (DDS), stipendiat NTNU, finansiert av Tannhelsetjenestens Kompetansesenter Midt Norge - TkMN (2015 -2021).
• Hovudvegleiar: Marite Rygg (marite.rygg@ntnu.no), Professor NTNU/Pediatrisk Revmatolog, St.Olav sykehus, Trondheim.
• Medvegleiar: Tone Natland Fagerhaug (tone.natland.fagerhaug@tkm-n.no), forskingssjef ved Tannhelsetjenestens Kompetansesenter Midt Norge - TkMN. Kostholdsekspert (ernæringsfysiolog), /førsteamanuensis II ved ISM, NTNU.
• Medvegleiar: Athanasia Nancy Bletsa (athanasia.bletsa@hfk.no), forskar/klinisk spesialist ved Tannhelsetjenestens Kompetansesenter Vest/Hordaland (TkVest/Hordaland, Bergen). Førsteamanuensis II ved MOFA, UiB.
• Medvegleiar: Pål Richard Romundstad, prodekan, Det medisinske fakultet, NTNU og professor ved Institutt for samfunnsmedisinsk allmennmedisin.

 3. Eksterne organisasjonar og eksterne samarbeidspartnarar
• NTNU, Trondheim, http://www.ntnu.no/
• St.Olav Hospital, Trondheim, https://stolav.no/
• Karen Rosendahl, professor II UiB/konsulent Pediatrisk radiolog, Haukeland Universitetssjukehus, https://helse-bergen.no/
• Ellen Nordal, førsteamanuensis UiT, Konsulent Pediatrisk Revmatolog, Universitetssjukehuset Nord Norge, Tromsø, https://uit.no/startsida og https://unn.no/
• Marit Slåttelid Skeie, førsteamanuensis/spesialist i barnetannpleie, MOFA, Institutt for klinisk odontologi, http://www.uib.no/odontologi


Restorative behandlingsmuligheter av tenner med skadar i emaljen

1. Prosjekt
Hensikten med restaurering av tenner er å erstatte manglande eller skada tannsubstans. Behov for restaureringar hjå barn og unge skuldast hovudsakleg karies og/eller emaljeutviklingsforstyrringar. Det kan i mange tilfelle vera fleire behandlingsalternativ. Det finnes få opplysningar om behandlingsvalg blant barn og ungdom i dei nordiske landa. Difor ynskjer vi å kartleggje hva restorative behandlingar som blir brukt av norske tannlegar.

Basert på rapportar frå tannlegar og ulike forskingsstudiar frå Norge og mange andre land veit ein at forekomst av utviklingsforstyrringar i emaljen på seks års jekslar og fortenner er relativt høg. Denne spesielle forma for utviklingsforstyrringar i emaljen vert kalla MIH (molar- incisiv- hypomineralisering). Tilstanden fører ofte til plager med desse tennene, slik som ising, vondt å pusse og tygge, deler av tanna kan knekke og det kan bli stort behov for tannbehandling.  Vi veit at tenner med mineraliseringsforstyrringar kan ha ein svakare emalje enn friske. Vi veit derimot svært lite om behandlingsmuligheter av slik emalje, og difor ynsker vi i denne forskingsstudien å undersøkje ulike typar behandlingar for å styrke og reparere emaljen.

Gjennom eit forskingssamarbeid mellom dei regionale odontologiske kompetansesentra (ROK), Det odontologiske fakultet (UiO) og NIOM er det utarbeida ein nasjonal spørjeundersøkelse om behandlingsalternativ ved restaurering av tenner hjå barn og unge. I tillegg, ynsker vi ei innsamling av ekstraherte tenner med mineraliseringsforstyrringar for å teste kva type behandling som egnar seg best for desse tennene.

2. Prosjektleiar og prosjektmedarbeidarar
Det er Det Nordisk Institutt for Odontologiske Materialer (NIOM) som er ansvarleg for denne undersøkelsen. Forskingskoordinator Athanasia Bletsa, TkVest/Hordaland (prosjektmedarbeidar)

3. Eksterne organisasjonar og eksterne samarbeidspartnarar
Denne studien er eit samarbeidsprosjekt mellom Det Nordisk Institutt for Odontologiske Materialer (NIOM) og dei Regionale Odontologiske Kompetansesentre.

• Håkon Valen Rukke, Nordisk Institutt for Odontologiske Materialer (NIOM), https://niom.no/

• Aida Mulic, Nordisk Institutt for Odontologiske Materialer (NIOM), https://niom.no/

• Vibeke Ansteinsson, Tannhelsetjenestens kompetansesenter Øst (TkØ), https://www.tkost.no/

• Reidun Agnalt, Tannhelsetjenestens kompetansesenter Øst (TkØ), https://www.tkost.no/

• Marte-Mari Uhlen, Tannhelsetjenestens kompetansesenter Øst (TkØ), https://www.tkost.no/

• Anne B. Skaare, Institutt for klinisk odontologi, Det odontologiske fakultet, UiO, http://www.odont.uio.no/

• Ivar Espelid†, Institutt for klinisk odontologi, Det odontologiske fakultet, UiO, http://www.odont.uio.no/

 

Tannhelse og barnevern - samhandling til beste for barnet  

1. Prosjekt
Omsorgssvikt mot born og unge er eit alvorleg samfunnsproblem då det ofte medfører alvorlege og vedvarande konsekvensar for dei utsette borna. For å forhindra og redusera konsekvensane av omsorgssvikt er førebygging, tidleg avdekking og tverrfagleg samarbeid mellom tenester viktig.

Målsetting for studien er å auke kunnskapen knytt til:

- utsette barn og oral helse

- tannhelsepersonell si meldeplikt

- tannhelsetenesta og barnevernstenesta som samarbeidande partar

- kva faktorar som påverkar tannhelsepersonell sin intensjon om å utøva meldeplikta

Årsskiftet 2014/2015 blei det gjennomført ei landsdekkjande elektronisk spørjeundersøking blant 1542 offentlege tannlegar og tannpleiarar i Noreg. Undersøkinga hadde fokus på tannhelsepersonell sine opplevingar og utfordringar knytt til helsepersonell si meldeplikt til barnevernet, samt erfaringar frå ei eventuell samhandling med barnevernet. Totalt 1200 (78%) tannlegar og tannpleiarar svara på spørjeundersøkinga.  

2. Prosjektleiar og prosjektmedarbeidarar
Prosjektleiar: Postdoc Ingfrid Vaksdal Brattabø, TKV-Hordaland

Prosjektmedarbeidarar: Ragnhild Bjørknes, HEMIL senteret UIB, Anne Nordrehaug Åstrøm, Institutt for klinisk odontologi UIB og TKV-Hordaland og Anette Christine Iversen, HEMIL senteret UIB  

3. Eksterne organisasjonar og eksterne samarbeidspartnarar
Studien er eit samarbeid mellom Tannhelsetjenestens kompetansesenter vest/ Hordaland (TKV-Hordaland), HEMIL-senteret Universitetet i Bergen og Den offentlege tannhelsetenesta i Noreg.  

4. Publikasjonar
• Brattabø, I.V. (2018) Detection of child maltreatment, the role of dental health personnel. - A national cross-sectional study among public dental health personnel in Norway. Doktorgradsavhandling, PhD.

• Brattabø, I. V., Bjørknes, R., & Åstrøm, A. N. (2018). Reasons for reported suspicion of child maltreatment and responses from the child welfare-a cross-sectional study of Norwegian public dental health personnel. BMC oral health, 18(1), 29. https://doi.org/10.1186/s12903-018-0490-x

• Brattabø, I. V., Iversen, A. C., Åstrøm, A. N., & Bjørknes, R. (2016). Experience with suspecting child maltreatment in the Norwegian public dental health services, a national survey. Acta Odontologica Scandinavica, 74(8), 626-632. https://doi.org/10.1080/00016357.2016.1230228

Populærvitskapelege publikasjonar:
• Stemme i vest (2015) RVTS vest, Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging https://www.rvtsvest.no/stemme-i-vest-ingfrid-vaksdal-brattabo/

• Næss, L., Bjørknes R., & Brattabø, I (2014). Tannhelsepersonellets rolle for å oppdage barn utsatt for mishandling eller omsorgssvikt. Tidene, 11, 28-31.

Omtale av studien:
NRK Hordland 2018 https://radio.nrk.no/serie/distriktsprogram-hordaland/DKHO01009118/07-05-2018#t=2h20m32s

NRK1 19.00 Nyheitene og NRK.no 2018 https://www.nrk.no/rogaland/kraftig-okning-i-bekymringsmeldinger-fra-tannlegen-1.13962886

Hordland fylkeskommune 2018 https://www.hordaland.no/nn-NO/nyheitsarkiv/2018/tek-doktorgrad-pa-omsorgssvikt/

Universitetet i Bergen https://www.uib.no/nye-doktorgrader/116936/fr%C3%A5-tannvern-til-barnevern

Aftenposten 2016 http://www.aftenposten.no/norge/Hver-tredje-tannlege-har-unnlatt-a-melde-fra-til-barnevernet-nar-de-mistenker-omsorgssvikt-608917b.html

Tannstikka – Fagblad tannpleiarforeninga 2016 http://medlemssiden.tannpleier.no/wp-content/uploads/2017/03/Tannstikka_6_16__nett.pdf

Bergens Tidende 2015 https://www.bt.no/nyheter/lokalt/i/d44yj/Fleire-tannlegar-slar-alarm-om-mogeleg-vald-mot-barn

Aftenposten 2014 http://www.aftenposten.no/norge/Tannlegene-melder-fra-om-500-overgrep-arlig-73867b.html



Tannlegen og pasienten: Ein oppfølgingsstudie av pasientar som har gjennomført behandling av tannbehandlingsangst


Publikasjonar

Bjørkvik, J. Tannlegen og pasienten: En oppfølgingsstudie av pasienter som har gjennom-ført behandling av tannbehandlingsangst. Nor Tannlegeforen Tid 2016, 116: 350-5. http://www.tannlegetidende.no/i/2016/5/d2e448
 

Tannhelse og tannbehandling for personar som har langvarige psykiske helsevanskar

1. Prosjekt
Tannhelse er ein viktig faktor for livskvalitet og generell helse. Personar med alvorlege og langvarige psykiske lidingar er internasjonalt funne å ha dårlegare tannhelse og lågare bruk av tannhelsetenester enn befolkinga elles. Det er trong for meir kunnskap om årsakene til misforholdet mellom behandlingsbehov på eine sida og aktuell bruk av tannhelsetenester på andre sida. Det er også nødvendig å søka kunnskap som kan redusera hindringar og sikra tilgang til tannbehandling for denne gruppe.

Prosjektet har tre hovudmål:

1. å undersøka tannhelse og sjølvopplevd tannhelse samt bruk av tannhelsetenester hjå personar med langvarige psykiske lidingar som har bistand frå psykisk helseteneste i Stord kommune

2. å framskaffa kunnskap om korleis tannhelsetenesta best kan leggja til rette for personar med langvarige psykiske lidingar

3. å utforska korleis tannhelsetenesta best kan samarbeida med kommunen og eventuelt andre instansar til beste for målgruppa Prosjektet blir gjennomført i samarbeid mellom Stord tannklinikk og Stord kommune avd. for psykisk helse, og målgrupper er alle brukarar av heimebaserte tenester avd. psykisk helse, Stord kommune.  

2. Prosjektleiar og prosjektmedarbeiarar
Psykologspesialist/PhD, TkVest/Hordaland, Jofrid Bjørkvik (Prosjektleiar)

Klinikksjef ved Stord tannklinikk, Diana Henriquez

Psykiatrisk sjukepleiar i Stord kommune, Elisabeth Strømme

Mental Helse ved Geir Isdal

Forskingskoordinator, TkVest/Hordaland, Elwalid Nasir

Psykolog/PhD, TkVest/Hordaland, Margrethe Vika

Overtannlege, TkVest/Hordaland, Mihaela Marthinussen

Professor i psykologi ved UiB, Geir Høstmark Nielsen  

3. Eksterne organisasjonar og eksterne samarbeidspartnarar
• Stord tannklinikk

• Stord kommune, avd. for psykisk helse

• Universitetet i Bergen

• Mental helse

4. Publikasjonar
Bjørkvik, J. & Henriquez, D. (2017) Tannhelse og psykisk liding. Tannverk i tillegg? Tidsskrift for Norsk psykologforening, 54,5, 450-453.

Sekundærpublikasjon: Bjørkvik, J. & Henriquez, D. (2018) Tannhelse og psykisk liding. Tannverk i tillegg? Norsk Tannlegeforenings Tidende, 128, 260-262

 

Frykt for orale injeksjonar hjå 10-16 år gamle born. Vurdering, utbreiing og behandling

Publikasjonar
Reliability, validity and cutoff score of the Intra-Oral Injection Fear scale. Berge KG, Vika M, Agdal ML, Lie SA, Skeie MS. Int J Paediatr Dent. 2016 May 27. doi: 10.111/ipd.12237,
http://onlinelibrary.wiley.com.pva.uib.no/doi/10.1111/ipd.12237/epdf Krever innlogg.
High fear of intra-oral injections: prevalence and relationship to dental fear and dental avoidance among 10-16-year-old children. Berge KG, Agdal ML, Vika M, Skeie MS. Eur J Oral Sci. 2016 Dec;124(6):572-579. Krever innlogg.
http://onlinelibrary.wiley.com.pva.uib.no/doi/10.1111/eos.12305/epdf

Doktorgradsavhandling
Avhandling "Fear of intra-oral injections among 10-16-year-olds. Assessmant, prevalence and treatment". Disputas gjennomført og godkjent 25.11.2016.

Omtale
Intervju og omtale i det amerikanske nettfagtidsskriftet "Dentistry Today" 13.12.2016.
http://www.dentistrytoday.com/news/todays-dental-news/item/1472-intraoral-injection-fear-must-be-conquered-to-improve-pediatric-care

 

Oral helse blant barn med leppe- ganespalte: Foreldre sin tilfredsheit og tannhelsepersonell i Vest-Norge sine erfaringar

1. Prosjekt
Studiar av pasientar som har gjennomført behandling ved den offentlege tannhelsetenesta og ved senter for leppe-kjeve-gane spalte, Tannhelstjenestens kompetansesenter Vest: Pasienten, pasienten sine foreldre og tannlegen sin tilfredsheit.

Bakgrunn og kunnskapsstatus:Frå 1994 vart det beslutta at born som vert født i Norge med ei form for leppe-kjeve-ganespalte automatisk skal tilvisast til eit av dei to nasjonale leppe-kjeve-ganespalte teama (LKG), enten ved Rikshospitalet i Oslo eller ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen. All behandling skal utførast eller administrerast frå aktuelle institusjonar. Behandling er basert på eit tverrfagleg samarbeid mellom fleire profesjonar, der særleg plastisk kirurg, øre-nese-hals lege, logoped og kjeveortoped har ei viktig rolle. Kjeveortopeden er lokalisert ved senter for LKG, Tannhelsetjenestens kompetansesenter Vest, Hordaland Fylkeskommune. Alle pasientar uavhengig av spaltetype vert innkalla til standard kontroll ved fødsel, 6 år og 16 år.

 Hensikta med studien:

• Undersøkje frekvensen og fordelinga av ulike spaltevariantar, okklusjon og bitt- for-hold hjå spaltepasientar som har møtt til 6-års kontroll ved senter for LKG-spalte i Bergen

• Vurdere LKG pasientar/foreldre sine kunnskapar, haldningar og oppfatningar av oral helse: ein kvalitativ studie av born med ganespalte.

• Studere pasienten/føresette sine meiningar om behandlinga som deira born med spalte har fått ved offentleg tannhelsetjeneste og ved LKG, Tannhelsetjenestens kompetansesenter Vest.

• Utfordringar for tannlege og tannpleiar når det gjeld behandling av pasientar med LKG spalte ved lokal tannklinikk.

2. Prosjektleiar og prosjektmedarbeidarar
PhD-prosjekt:

PhD kandidat/Kjeveortoped Paul Sæle

Forsker Manal Mustafa (hovedveileder)

Forsker Elwalid Nasir (veileder)

Forsker Anne Nordrehaug Åstrøm (veileder)

3. Eksterne organisasjonar og eksterne samarbeidspartnarar
 

Professor Hallvard Vindenes

Kjevekirurg Hans Christian Sylvester Jensen

4. Publikasjonar
Sæle P, Østhus E, Ådalen S, Nasir EF, Mustafa M. Pattern of clefts and dental anomalies in six-year-old children: a retrospective observational study in western Norway. Acta Odontol Scand. 2017 Mar; 75(2):100-105.
 

Oral helsekunnskap, haldningar og praksis hjå foreldre med innvandrarbakgrunn i Norge

1. Prosjekt
Innvandrarar utgjer 12 % av heile befolkninga i Norge, og har bakgrunn frå 222 ulike land og sjølvstyrte regionar. Mange faktorar har innverknad på innvandrarar sin sosioøkonomiske situasjon og på deira helse- og tannhelsestatus. Eksisterande ulikskap i tannhelse mellom enkelte innvandrargrupper og norskætta har vorte rapportert tidlegare. Innvandrarstatus har vore assosiert med høg grad av karies.

Kariesførebyggjande tiltak retta mot born og unge i Norge synes ikkje å vera like vellykka blant innvandrarar med ikkje-vestleg bakgrunn som i befolkninga forøvrig. Kommunikasjonssvikt grunn etniske og kulturelle faktorar er mulege årsaker til at førebyggjande tiltak ikkje har samme effekt hjå innvandrarborn som blant norske born. Det synes å vera behov for forskingsbasert kunnskap om dei faktorar, sosiale, psykososiale og kognitive, som styrer tannhelserelatert atferd i familiar med innvandrarbakgrunn. Slik informasjon dannar grunnlag for planlegging og gjennomføring av effektive førebyggjande tannhelsetiltak retta spesifikt mot born med innvandrarbakgrunn.

Hensikta med studien:

• i ein baseline undersøkelse, vurdere kunnskap, haldninger og atferd relatert til tannhelse blant innvandrarmødre med nyfødte born (0-3 månadar).

• på bakgrunn av informasjon om innvandrerfamiliar sine tannhelserelaterte kunnskapar, haldninger og åtferd, utvikle og gjennomføre eit fleirsesjon informasjonsprogram, med hensikta å auke mødrene sine kunnskapar om borna si orale helse og betydninga av regelmessig ettersyn og å endre haldninger og åtferd (vanar) i ein tannhelsemessig gunstig retning.

• i ei oppfølgingsundersøking 12 måneder etter baseline - evaluere effekten av informa-sjonsprogrammet m.o.t. mødrene sine kunnskapar, haldningar og åtferd relatert til tannhelse og m.o.t. barna sin karies status.

2. Prosjektleiar og prosjektmedarbeidarar
PhD-prosjekt:

PhD kandidat Irene Ness

Forsker Manal Mustafa (hovedveileder)

Forsker Elwalid Nasir (veileder)

Forsker Anne Nordrehaug Åstrøm (veileder)

Førsteamanuensis Maren L. Agdal (veileder)

3. Eksterne organisasjonar og eksterne samarbeidspartnarar
• Universitetet i Bergen, http://www.uib.no/odontologi

Førsteamanuensis Maren L. Agdal

Professor David Lackland Sam

Postdoktor Lars Thore Fadnes

•  Universitetet i Tromsø, https://uit.no/startsida

Førsteamanuensis Kerstin Inger Carlstedt

•  Karolinska Instituttet, Stockholm, Sverige, http://ki.se/start

Førsteamanuensis Biniyam Wondimu

 

Mengda av inflammasjons- og beinmarkørar hjå røykarar og ikkje-røykjarar før periodontal behandling og etter aktiv- og vedlikehaldsbehandling av kronisk periodontitt

1. Prosjekt
Periodontal helse vert gjenoppretta ved å undertrykkje mikroorganismane som framprovoserar lokal inflammasjonsrespons. Røyking svekkar denne prosessen. Dette studiet samanliknar mengda av inflammasjons- og beinmarkørar hjå røykjarar og ikkje-røykjarar før periodontal behandling og etter aktiv- og vedlikehaldsbehandling av kronisk periodontitt.

Bortsett frå IL-8 som vart oppregulert, viste røykjarar redusert mengde av fleire inflammatoriske markørar i gingival vevsveske. Kun ikkje-røykjarar responderte på periodontal behandling med endra produksjon av inflammatoriske markørar. Det kan synast som om at røyking fører til ein immundempande effekt på lokal inflammatorisk respons i gingival vevsveske etter periodontal behandling.

2. Prosjektleiar og prosjektmedarbeidarar
Dagmar F. Bunæs DDS, Manal Mustafa DDS, PhD, Hasaan Mohamed DDS, PhD, Stein Atle Lie MSc, PhD, Knut N. Leknes DDS, PhD

3. Eksterne organisasjonar og eksterne samarbeidspartnarar
http://www.uib.no/odontologi

4. Publikasjonar
Bunaes DF, Mustafa M, Mohamed HG, Lie SA, Leknes KN. The effect of smoking on inflammatory and bone remodeling markers in gingival crevicular fluid and subgingival microbiota following periodontal therapy. J Periodontal Res. 2017 Aug; 52(4):713-724.

 

Samanhengen mellom periodontitt og revmatoid artritt: Kva typar mekanismar ligg bak?

1. Prosjekt
Leddgikt eller revmatoid artritt (RA) førekjem hyppigare blant pasientar med periodontitt (betennelse i vev som omgjev tennene) enn ellers i befolkninga. Vidare har RA-pasientar høgare frekvens av avansert periodontitt. Samanhengen er ikkje fullstendig klarlagt, men det er mange fellesnevnarar mellom desse to sjukdomane. Begge er kroniske inflammatoriske tilstandar karakterisert ved produksjon av proinflammatoriske signalmolekyl (cytokiner) og nedbryting av bein. Det overordna målet med prosjektet er å kartleggje biologiske mekanismar som står bak assosiasjonen mellom revmatoid artritt og periodontitt.

2. Prosjektleiar og prosjektmedarbeidarar
Prosjektleiarar: Professor Anne Isine Bolstad, UiB og PhD Kathrin Beyer, UiB
Prosjektmedarbeidar: Forsker Manal Mustafa, TkVest/Hordaland

3. Eksterne organisasjonar og eksterne samarbeidspartnarar
Institutt for klinisk odontologi, Det medisinsk-odontologiske fakultet, UiB,
http://www.uib.no/odontologi


Tannbehandling med plastbaserte tannfyllingsmateriale - eksponering for bisfenol A og effektar på fødselsutfall

1. Prosjekt
Formålet med PhD-prosjektet er å undersøkje om tannbehandling med plastbaserte tann-materiale påvirkar bisfenol A konsentrasjonen i spytt og urin. Vidare ynskjer vi å undersøkje om mor si tannbehandling i svangerskapet utgjer ein risiko for barnet.

Prosjektet inneheld tre delarbeid:
a) Konsentrasjon av bisfenol A i saliva hjå individ med og utan plastbaserte tannfyllingsmateriale.
Den kliniske studien er gjennomført og resultata er bearbeida. Nokre preliminære resultat vart presentert ved ein internasjonal konferanse i Dubrovnik, Kroatia, september 2014. Manuskript er sendt til eit internasjonalt tidsskrift for publisering.sykdommene.
b) Konsentrasjon av bisfenol A i saliva og urin hjå individ før og etter fyllingsterapi med plastbaserte tannfyllingsmateriale.
Den kliniske studien er startet opp. Rekruttering av pasientar pågår.
c) Er tannbehandling med plastbaserte fyllingsmateriale under svangerskapet ein risiko for barnet?

I denne studien nyttar vi data frå Den Norske Mor og Barn studien. Analyser av datamaterialet pågår. Nokre preliminære resultat vart presentert ved ein internasjonal konferanse i Bergen, mai 2016 og abstrakt er innsendt for presentasjon ved internasjonal konferanse i San Fransisco, mars 2017.

2. Prosjektleiar og prosjektmedarbeidarar
PhD-kandidat Trine Lise Lundekvam Berge, TkVest/Hordaland og UNI Research AS (Prosjektleiar - prosjekt a og b)
Professor Lars Björkman, Uni Research AS og Universitetet i Bergen
Forskar II Gunvor Bentung Lygre, Uni Research AS

3. Lenke til eksterne organisasjonar og eksterne samarbeidspartnarar
Forskingsansvarleg institusjon: Uni Research: http://uni.no/
Samarbeidspartnarar:
http://uni.no/nb/uni-helse/bivirkningsgruppen-for-odontologiske-biomaterialer/
www.fhi.no/studier/moba/

 

Tannpussing blant ungdom i Hordaland og Sogn og Fjordane

1. Prosjekt
Tannkaries er den mest utbreidde sjukdomen i Norge, og dagleg tannpuss med fluortannkrem er det viktigaste primær-førebyggende tiltaket. Studier har vist at frekvens av tannpussing også er forbunde med god allmenn helse. Tannpussing er difor viktig både som eit helseførebyggjande tiltak og som folkehelseindikator. Livsstils- og helsevanar er i stadig endring, særskilt hjå ungdom, så overvaking og kartlegging er nødvendig for å kunne attkjenne og iverksetje målretta folkehelsetiltak.  I studien vil UngData nyttast til å kartlegge frekvens av tannpussing i Hordaland og Sogn og Fjordane hjå elevar på høvesvis ungdoms- og videregåande skule og samstundes til å undersøkje kva faktorar som spelar saman med tannpussing.

2. Prosjektleiar og prosjektmedarbeidarar
Prosjektleiar: Arild Vaktskjold  (arild.vaktskjold@hfk.no), forskar ved Tk Vest/H, professor ved HiNN


Endodontiundersøkelse i Vest

1. Prosjekt
Spørjeundersøkelsen tek sikte på å kartleggje omfang av endodontisk behandling på melketenner og permanente tenner samt behandlingsrutinar knytt til behandlinga i offentleg tannhelseteneste i fylka Hordaland og Sogn og Fjordane. Undersøkelsen er gjort blant 187 tannlegar og har som mål å skaffe meir kunnskap slik at ein kan bidra til å heve kompetansen og gi eit meir målretta kurstilbod til tenesta.

2. Prosjektleiar og prosjektmedarbeidarar

Endodontist Ole Iden

Endodontist/pedodontist og forskar Athanasia Bletsa

Forskar Gerhard Sulo

Endodontist og forskingsleiar Ellen Berggreen

 

Tannskadar - prevalens og risikofaktorar i eit livsløpsperspektiv

1. Prosjekt
Tannskadar skjer i alle aldrar og er ikkje begrensa til sosiale klassar. Slike skadar kan føre til forringa livskvalitet. Formålet med denne studien er å undersøkje prevalens av slike skadar blant 16-åringar i vidaregåande skular i Hordaland og identifisere risikofaktorar for tannskadar i populasjonen. Elevar og foreldre vil få tilsendt ein forespørsel om å fylle ut eit spørjeskjema som omhandlar erfaringar med tannskadar og livstil. Opplysningar om den enkelte frå tannhelsetjenesta vil bli innhenta.

2. Prosjektleiar og prosjektmedarbeidarar
Prof Asgeir Bårdsen, Universitetet i Bergen
Phd-kandidat Magnus Bratteberg, Universitetet i Bergen
Forsker Dorina Sula Thelen, TkVest/Hordaland
Prof Kristin Klock, Universitetet i Bergen

3. Eksterne organisasjonar og eksterne samarbeidspartnarar
Universitetet i Bergen, Institutt for klinisk odontologi


4. Publikasjonar
Bratteberg M, Thelen DS, Klock KS, Bårdsen A.:
https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/29569840
 

Tannskadar og kjeveortopedisk behandling. Eit kvalitetssikringsprosjekt

1. Prosjekt
Tannskadar er vanleg og har ein tendens til å skje i ung alder. Tannskadar kan variere i alvorsgrad frå mindre skadar til meir kompliserte skadar med omfattande tap av tenner og støttevev. Dette kan føre til interferens med normal okklusjon. Pulpas reaksjonar på traumatiske skadar varierer frå langsom pulpaobliterasjon til umiddelbar pulpanekrose. Andre følgetilstandar av tannskadar er forskjellige typar rotresorpsjon som kan føre til tap av tenner. Det fins studiar som relaterer komplikasjonar av tannskadar og kjeveortopedisk tannforflytning. Betydninga av tilvisningsrutinar til kjeveortoped frå den offentlege tannhelsetenesta er avgjerande for prognosen. At kjeveortopedar får informasjon om tannskadar og behandling er viktig å vite før kjeveortopedisk behandling vert iverksett. I følge litteraturen er det ved enkelte kjeveortopediske prosedyrar større risiko for å utvikle komplikasjonar i skada tenner samanlikna med tenner utan slik skade.

Dette prosjektet har følgande mål:
Å gi retrospektiv informasjon om tilvisningsrutiner til kjeveortoped blant offentlege tannlegar for pasientar som har opplevd tannskade, samt å vurdere desse rutinane i ein kjeveortopedisk populasjon.

Å vurdere forekomst av komplikasjonar (apikal rotresorpsjon, grad av pulpaobliterasjon og mulig pulpanekrose) etter kjeveortopedisk behandling av tenner med tannskade samanlikna med tenner utan tannskade i henhold til protokollar som vert brukte ved Tannhelsetjenestens Kompetansesenter Vest/Hordaland.

2. Prosjektleiar og prosjektmedarbeidarar
Forsker Dorina Sula Thelen
Prof Asgeir Bårdsen Universitetet i Bergen
Nicole Aria TkVest/Hordaland

3. Eksterne organisasjonar og eksterne samarbeidspartnarar

 

Potensiell nytte av Cone beam Computer Tomografi (CBCT)

1. Prosjekt
Pasientar med retinerte hjørnetenner bør undersøkast og behandlast så snart som mulig for å unngå seinare komplikasjonar i form av resorpsjon av nabotenner. Ved å hjelpe den retinerte tanna å nå korrekt posisjon i tannbuen, oftast med kjeveortopedisk behandling, kan risikoen for slike komplikasjonar minimerast.

Målet med studien er å undersøkje mulige måtar å forbetre diagnostikken i forbindelse med undersøking av barn med retinerte hjørne tenner og i hva grad CBCT påvirkar behandlinga.

2. Prosjektleiar og prosjektmedarbeidarar
Forskerlinje kandidat Amanda Andersen, Universitetet i Bergen
Xieqi Shi, Universitetet i Bergen
Forsker Dorina Sula Thelen, TkVest/Hordaland
Forsker Malin Jonsson, TkVest /Universitetet i Bergen


Tannlegevakten i Den offentlige tannhelsetjenesten i Bergen

1. Prosjekt
Hensikten med denne studien er å registrere og analysere pasientdata i Tannlegevakten i Den offentlige tannhelsetjenesten i Bergen i eit år, periode 2018-2019, og evaluere tenesta.

2. Prosjektleiar og prosjektmedarbeidarar
Marit S Skeie, Universitetet i Bergen
Spesialistkandidat Faiza Sælen, Universitetet i Bergen
Forsker Dorina Sula Thelen, TkVest/Hordaland
Forsker Athanasia Bletsa, TKVest /Hordaland

 

Pasientrapporterte data etter implantatprotetisk behandling av manglande overkjeve lateralar

1. Prosjekt
Hensikten med denne studien var å registrere og analysere pasientrapporterte data om estetikk, oralhelse relatert livskvalitet og tilfredshet etter behandling av manglande overkjeve lateralar med implantatretinert protetisk behandling.

Datainnsamling vart gjort ved utsending av spørjeskjema som inneheldt spørsmål om demografi og tilfredsheit, i tillegg til OHIP-14 og OAS-N. Data vart analysert ved ikkje-parametriske analysar.

2. Prosjektleiar og prosjektmedarbeidarar
Harald Gjengedal, Universitetet i Bergen
Spesialistkandidat Ida Marie Dahle Universitetet i Bergen
Forsker Dorina Sula Thelen, TkVest/Hordaland
Kjell Størksen, TkVest/Hordaland

 

Orale manifestasjonar ved polyendokrint syndrom, type 1 (APS1)

Hensikta med denne kliniske studien er å kartleggje orale manifestasjonar i pasientar med APS-type1 syndrom. APS 1  er kjenneteikna av polyendokrin svikt, kronisk mukokutan can-didiasis og ektodermale symptom. Prosjektet er ein del av eit større prosjekt omkring APS1, i regi av Helse-Vest.

 

Publikasjoner TkVest/H 2017

1. Åstrøm A, Gulcan F, Mustafa M, 2017. Oral helserelatert livskvalitet blant voksne i norge-en representativ befolkningsundersøkelse Norsk TannlegeforeningsTidende. 54(5):450-453.

2. Al-Sharabi N, Mustafa M, Ueda M, Xue Y, Mustafa K, Fristad I. 2017. Conditioned medium from human bone marrow stromal cells attenuates initial inflammatory reactions in dental pulp tissue. Dent Traumatol. 33(1):19-26.

3. Ali HM, Mustafa M, Hasabalrasol S, Elshazali OH, Nasir EF, Ali RW, Berggreen E, Skeie MS. 2017. Presence of plaque, gingivitis and caries in sudanese children with congenital heart defects. Clin Oral Investig. 21(4):1299-1307.

4. Almahdi HM, Ali RW, Nasir EF, Astrom AN. 2017. Socio-cognitive correlates of intention to use toombak: A cross-sectional study among students (13-16 years) in khartoum state, sudan. BMC Public Health. 18(1):88.

5. Berge KG, Agdal ML, Vika M, Skeie MS. 2017a. Treatment of intra-oral injection phobia: A randomized delayed intervention controlled trial among norwegian 10- to 16-year-olds. Acta Odontol Scand. 75(4):294-301.

6. Berge KG, Vika M, Agdal ML, Lie SA, Skeie MS. 2017b. Reliability, validity and cutoff score of the intra-oral injection fear scale. Int J Paediatr Dent. 27(2):98-107.

7. Berge TLL, Lygre GB, Jonsson BAG, Lindh CH, Bjorkman L. 2017c. Bisphenol a concentration in human saliva related to dental polymer-based fillings. Clin Oral Investig. 21(8):2561-2568.

8. Bunaes DF, Mustafa M, Mohamed HG, Lie SA, Leknes KN. 2017. The effect of smoking on inflammatory and bone remodeling markers in gingival crevicular fluid and subgingival microbiota following periodontal therapy. J Periodontal Res. 52(4):713-724.

9. Heliovaara A, Kuseler A, Skaare P, Shaw W, Molsted K, Karsten A, Brinck E, Rizell S, Marcusson A, Saele P et al. 2017. Scandcleft randomised trials of primary surgery for unilateral cleft lip and palate: 6. Dental arch relationships in 5 year-olds. J Plast Surg Hand Surg. 51(1):52-57.

10. Bjørkvik J, Henriques D, 2017. Tannhelse og psykisk lidning: Tannverk i tillegg. Tidskrift for Norsk Psykologforening. 54(4):450-453.

11. Størksen K, 2017a. Behandling av misfargede tenner med zirconia kroner hos en pasient med alagilles syndrom. Norsk Tannlegeforenings Tidende. 127:688-691.

12. Størksen K, 2017b. Kirurgisk/protetisk rehabilitering etter behandling for ameloblastom. Norsk Tannlegeforenings Tidende. 127:792-796.

13. Størksen K, 2017c. Obturatorproteser- muligheter og begrensninger. Norsk Tannlegefrenings Tidende. 117:414-420.

14. Karsten A, Marcusson A, Hurmerinta K, Heliovaara A, Kuseler A, Skaare P, Bellardie H, Ronning E, Shaw W, Molsted K et al. 2017. Scandcleft randomised trials of primary surgery for unilateral cleft lip and palate: 7. Occlusion in 5 year-olds according to the huddart and bodenham index. J Plast Surg Hand Surg. 51(1):58-63.

15. Konstantinova V, Ibrahim M, Lie SA, Birkeland ES, Neppelberg E, Marthinussen MC, Costea DE, Cimpan MR. 2017. Nano-tio2 penetration of oral mucosa: In vitro analysis using 3d organotypic human buccal mucosa models. J Oral Pathol Med. 46(3):214-222.

16. Mohamed Ali H, Berggreen E, Nguyen D, Wahab Ali R, Van Dyke TE, Hasturk H, Mustafa M. 2017. Dental plaque microbial profiles of children from khartoum, sudan, with congenital heart defects. J Oral Microbiol. 9(1):1281556.

17. Molsted K, Humerinta K, Kuseler A, Skaare P, Bellardie H, Shaw W, Karsten A, Kare Saele P, Rizell S, Marcusson A et al. 2017. Scandcleft randomised trials of primary surgery for unilateral cleft lip and palate: 8. Assessing naso-labial appearance in 5-year-olds - a preliminary study. J Plast Surg Hand Surg. 51(1):64-72.

18. Oftedal BE, Marthinussen MC, Erichsen MM, Tveitaras MK, Kjellesvik-Kristiansen A, Hammenfors D, Jonsson MV, Kisand K, Jonsson R, Wolff ASB. 2017. Impaired salivary gland activity in patients with autoimmune polyendocrine syndrome type i. Autoimmunity. 50(4):211-222.

19. Saele P, Osthus E, Adalen S, Nasir EF, Mustafa M. 2017. Pattern of clefts and dental anomalies in six-year-old children: A retrospective observational study in western norway. Acta Odontol Scand. 75(2):100-105.

20. Semb G, Enemark H, Friede H, Paulin G, Lilja J, Rautio J, Andersen M, Abyholm F, Lohmander A, Shaw W et al. 2017. A scandcleft randomised trials of primary surgery for unilateral cleft lip and palate: 1. Planning and management. J Plast Surg Hand Surg. 51(1):2-13.

 
Kontaktinformasjon:
Telefon: 55 58 37 90
Årstadveien 21, 3. et. (Overlege Danielsens hus)

Forskingsleiar
Profilbilde av Ellen Berggreen
Ellen Berggreen
55 58 37 92
Forsker
Profilbilde av Karin Goplerud Berge
Karin Goplerud Berge
Stipendiat/PhD
Profilbilde av Trine Lise Lundekva Berge
Trine Lise Lundekva Berge
forskningskoordinator
Profilbilde av Randi Jacobsen Bertelsen
Randi Jacobsen Bertelsen
98907219
Forsker
Profilbilde av Jofrid Bjørkvik
Jofrid Bjørkvik
Forsker
Profilbilde av Athanasia Bletsa
Athanasia Bletsa
Postdoc
Profilbilde av Ingfrid Vaksdal Brattabø
Ingfrid Vaksdal Brattabø
55 58 53 20
Forsker
Profilbilde av Harald Gjengedal
Harald Gjengedal
98907220
Forsker
Profilbilde av Malin Jonsson
Malin Jonsson
98907217
Stipendiat/PhD
Profilbilde av Irene Ness
Irene Ness
55185866
Forsker
Profilbilde av Manal I Mustafa Sharafeldin
Manal I Mustafa Sharafeldin
55 58 53 22
Forsker
Profilbilde av Gerhard Sulo
Gerhard Sulo
98907218
Stipendiat/PhD
Profilbilde av Paul K Sæle
Paul K Sæle
98907239
Forsker
Profilbilde av Dorina Sula Thelen
Dorina Sula Thelen
98907235
Forskningsassistent
Profilbilde av Ann Louise Toftesund
Ann Louise Toftesund
98907221
Forsker
Profilbilde av Arild Vaktskjold
Arild Vaktskjold
98907234
Forsker
Profilbilde av Anne Nordrehaug Åstrøm
Anne Nordrehaug Åstrøm
55586483/92086744