Blei kvitt tannlegeskrekk

Fem timar i stolen var nok til å kurere Eva Kristin Wedøe for odontofobi.

Sidan ho gjekk på barneskulen har ho vore redd for å gå til tannlegen. Til og med det å følgje sonen til tannlegen var vanskeleg. Men takka vere tannlegane og psykologane ved Senter for odontofobi (SFO) er det ikkje skremmande lenger. SFO har behandla tusenvis av folk med odontofobi. Det vanlege er at fem timer ofte er nok til å kurere pasientane.

- Det å lære pasienten til å sjølv ta kontroll over situasjonen, og å ha relativt god tid, er viktig, seier psykolog Margrethe Elin Vika. (Foto: BT/Eirik Brekke)